mandag 4. februar 2008

Kommentar frå aksjon Forsvar Lærdal sjukehus til Kjell Opseths avgang

Det er vel ingen som er engasjert i Lærdal sjukehus si framtid som kjem til å sakna Kjell Opseth i Helse Førde-styret. Han har fyrst og fremst vore ein forkjempar for sentralisering til Førde og kutt ved lokalsjukehusa. Slik me har oppfatta han, har han heile tida lete att øyre og auge for kvalitetane ved sjukehuset vårt.

Det har vore frustrerande at Opseth aldri har høyrt på, eller vore villig til å drøfte våre argument. Og spesielt provoserande har han vore med uttalene sine om fødetilbodet i Lærdal.

Men Opseth har valt å trekka seg på ei god sak; styresaka til Helse Vest-møtet onsdag. Det er ei skammeleg manipulering at Helse Vest seier at dei let Helse Førde gå med underskot på 40 millionar, når dei faktisk løyvar mindre pengar til foretaket neste år og ikkje let sjukehusa i fylket få utnytta kapasiteten sin. Alle dei andre helseforetaka under Helse Vest får meir, medan Helse Førde får mindre og vert bandlagt. Då er det heilt klart at Helse Førde-styret er i ein vanskeleg situasjon.

Opseth si avgang er med å tydeleggjera at heile sjukehusreforma har spilt fallitt. Når Opseth trekk seg, han som har vore ein av forkjemparane for sjukehusreforma og har sete i Helse Førde-styret sidan dag ein i, så seier det mykje om kor mislukka denne reforma er! Strukturen med regionale og lokale helseforetak som er unnateke demokratisk styring er ikkje ein levedyktig modell. Og situasjonen blir sjølvsagt ikkje betre av at reforma er underfinansiert og foretaka underlagt ein rekneskapsmodell som passar betre til å berekna lønsemd i privat næringsliv enn å drifta offentlege velferdstilbod.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar