fredag 1. februar 2008

Helse Vest ville gått med overskot - med kommunale rekneskapsprinsipp

Til Helse Vest sitt styremøte 6. februar er det laga ei orientering om "Resultatutvikling i Helse Vest - rekneskapslova vs kommunale rekneskapsprinsipp". Her skriv RHF-et mellom anna følgjande:

"Om ein ikkje belastar Helse Vest sine årsresultat for avskrivingar, men i staden trekk frå nedbetaling på investeringslån, så ville føretaket hatt positive rekneskapsresultat alle år sidan 2002. Då er det gjort ein tilleggskorreksjon for auka pensjonskostnader i 2006 som ikkje var ein del av resultatkravet frå eigar.

Tar ein omsyn til gjeldsaneringa og belastar dei årlege resultata med renter (5%) og avdrag (20 år) ville Helse Vest hatt positive rekneskapsresultat i 2005 og 2007, og samla for åra 2005, 2006 og 2007 ville Helse Vest hatt eit positivt resultata på kr 46 mill."

• Klikk på overskrifta for å gå inn på Helse Vest-sida med styresaker til møtet 6. februar. Dette er sak 014/08 O.

NB! Dette er jo heilt i tråd med professor Bjarne Jensen sin rapport og diskusjonen som går kring rekneskapssystema for helseforetaka, sjå t.d. saka under om "Fiktive underskudd i sykehusene". Og om dette gjeld Helse Vest, så gjeld det sjølvsagt Helse Førde òg …

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar