søndag 9. mars 2008

Firdaposten om "Husfred i sjukehussaka"

Leiar i Firdaposten, 6. mars:
"Sogn og Fjordane Arbeidarparti heldt årsmøte sist helg, der fylkets heitaste potet, utviklinga av sjukehustenestene, betimeleg var skuva under teppet. Medan saker om dette og hint blei diskutert i sømmelege former frå talarstolen, pågjekk sjukehusdebatten i korridorane i pausen. Det skjer samtidig som at grasrotengasjementet i saka neppe har vore større, anten ein ser mot Flora, Eid, Lærdal eller Førde. Men medan partiveteranar melder seg ut i harnisk, og folk skriv lesarbrev i lokalavisene så tastatura knatrar, vel altså partiet å teie i hel saka. At Ap i staden lovar vårleg «rådslag» om saka i april, og held eit representanskapmøte i mellomtida, teiknar eit bilete av eit parti som prioriterer indremedisinsk stabilitet framfor å aktivt gripe ei sak som så mange er opptekne av. For kva kunne skjedd om debatten tok laust? Kunne det kome fram at fylkesleiinga har signalisert ting til Helse Førde som lokallag, inkludert Florø, ikkje har visst om? Kunne det gitt kjensletunge eller harmdirrande innlegg der ein kalla ein spade for ein spade? Og er ein så sikker på at ei «full utblåsing» på litt lengre sikt ville vere så skadeleg for partiet? Vi berre spør."

• Les resten av leiaren i Firdaposten ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar