fredag 28. mars 2008

Sogn og Fjordane Arbeidarparti om sjukehustilbodet i fylket

Styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti har lagt fram si innstilling til representantskapsmøtet i Førde laurdag 5. april. Representantskapen er fylkespartiet sitt høgste organ mellom årsmøta. Representantskapen er samansett av styret i fylkespartiet og representantar frå kommunepartia. AUF sitt fylkeslag møter med 7 representantar.

Innstillinga har tittelen "Eit godt og likeverdig helse- og sjukehustilbod" og opnar slik:

"Å trygge kvardagen og gi livskvalitet betyr ikkje minst å ha eit godt helse og sjukehustilbod. Sogn og Fjordane har mange like utfordringar som andre fylke i landet. Samstundes har Sogn og Fjordane sine særeigne utfordringar: krevjande vêrforhold, store avstandar, folketalsnedgong, ein aldrande befolkning, mangel på utdanna personell som vil busette seg i utkantane og rekrutteringsproblem av spesialistar og kommunelegar.

Gode helsetilbod dreier seg difor først og fremst om tryggleik, likebehandling og gode tenester. Dette vil også bidra til å utlikne sosiale ulikskapar. Ein god helsepolitikk som skaper betre livskvalitet for heile befolkninga, er lønsamt for den enkelte og for samfunnet.

Samstundes med eit godt helse og sjukehustilbod er det viktig å drive førebyggjande helsearbeid. Dette må først og fremst gjerast lokalt, og kommunane må difor tilførast naudsynt kompetanse og ressursar for å kunne gjere dette på ein tilfredsstillande måte.

Vi meiner:
* det er viktig å oppretthalde strukturen i helsetilbodet slik vi kjenner den i dag med inndeling i primærhelseteneste, lokalsjukehusa, Sentralsjukehus
* at behandlinga skal skje på lågast mogeleg omsorgs- og behandlingsnivå.
* utviklings arbeid og kompetanseheving innan kommunehelsetenesta kan vere det viktigaste tiltaket for å avhjelpe dei demografiske utfordringane i vårt fylke.
* at helsetenestene må ha god kvalitet, vera tilgjengelege og tilpassa brukarane sine behov.
* å sette dei tilsette sine rettar og krav i høgsete og leggje til rette for ein god personalpolitikk
* arbeidsplassar og verdiskaping er viktig for lokalsamfunna."

Om sjukehusa står det mellom anna i innstillinga:

"Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner alle skal ha tilgang til gode og likeverdige helse og omsorgstenester. Dette er eit offentlig ansvar. Skal ein klare dette må ein bygge opp om spesialisthelsetenester i heile landet.

Vi meiner:
* at vi skal oppretthalda dei eksisterande spesialisthelseteneste der dei allereie er
* ein må unngå lang transport av pasientar.
* det er viktig å oppretthalde og ha stor breidde i akuttberedskapen, både indremedisinsk og kirurgisk.

Ortopedikompetanse
Ortopedikompetansen ved dei ulike sjukehusa i Helse Førde er god og er ein styrke. Det er difor viktig at sjukehusa får utdanningsstillingar nettopp i ortopedi. Dette for å styrkje ny rekruttering til dette fagområdet i Sogn og Fjordane framover.

Fødetilbod
Vi meiner:
* det skal vere eit forsvarleg fødetilbod i alle deler av Helse Førde og fødetilbodet i Nordfjord og Sogn må oppretthaldast.

Rus og psykisk helse
Rus og psykisk helse på lokalsjukehusnivå skal styrkast spesielt innanfor rus, psykiatri og somatikk, men og mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Det haster med å få gitt eit tilbod til unge rusmisbrukarar.

Vi meiner:
* at ruspost ved psykiatrisenteret på Nordfjordeid er i tråd med regjeringa sine føringar
* at det skal vere eit desentralisert tenestetilbod innan psykiatritenesta og eit DPS også i Sunnfjord (distriktspsykiatriske sentra).

Regionssenter for fedmeoperasjonar
Vi meiner:
* at dersom "Helse Førde / Førde Sentralsjukehus" skal vere regionsenter for fedmeoperasjonar, må vi ha som føresetnader:
* at dersom helseføretaket skal ha eit fedmeoperasjonstilbod, så må ikkje dette gå ut over eksisterande tilbod.
* Sentralsjukehuset har bygd opp kompetanse på dette området og teneste må vere plassert der.
* at dette tilfører helseføretaket verdifull medisinskfagleg kompetanse
* at dette er finansiert slik at denne funksjonen ikkje påfører Helse Førde auka kostnader.

SENTRALSJUKEHUSET
Sentralsjukehuset yter viktige helsetenester til pasientgrupper som treng å få dette. Sentralsjukehuset har også ein viktig rolle som utdanningsinstitusjon for ulike typar helsepersonell.

Vi meiner:
* Sentralsjukehuset vert vidareført som utdanningsinstitusjon for legar og sjukepleiarar.
* spesialisthelsetenesta må syte for at alle pasientgrupper blir tekne i vare på. Dette gjeld like mykje om det er øyeblikkeleg hjelp eller planlagt behandling
* 80 % av aktiviteten på sentralsjukehuset er lokalsjukehustenester for store deler av fylket.

LOKALSJUKEHUS
Sogn og Fjordane har fleire geografiske utfordringar som må tas omsyn til. Til dømes lange avstandar, mykje fjordar og fjell og varierande vêrforhold. Dette tilseier at sjukehusstrukturen må vere relativt desentralisert. Lokalsjukehusa gir fagleg gode tenester til dei vanlegaste pasientgruppene og pasientar med samansette problem, og blir drive i samsvar med føringar frå Soria Moria erklæringa. Lokalsjukehusa tilbyr tenester som er i tråd med regjeringa sitt satsingsområde og i tråd med dei behova distrikta har.

Vi meiner:
* at lokalsjukehuset skal vere den beste arenaen helseføretaket har til å yte likeverdige helsetenester innanfor spesialisthelsetenestene.
* at heile fylket får eit akseptabelt sjukehustilbod, med spesiell vekt på akuttberedskap og fødselstilbod innanfor rimeleg reisetid.
* lokalsjukehusa må ha: Akuttberedskap i indremedisin, Gje tilbod innan kirurgi / ortopedi, Fødeteneste, Telemedisinske løysingar, Ruspost for ungdom på DPS, Ei moderne og godt utbygd prehospital teneste
* at lokalsjukehusfunksjonane må ha fokus på behova til dei store sjukdomsgruppene som treng desentraliserte tenestetilbod og samhandlingstiltak med kommunane.
* minimumskrava til akuttberedskap ved lokalsjukehusa skal vere vaktkompetanse i
* indremedisin, generell kirurgi og anestesi, samt tilgang til klinisk-kjemiske og radiologiske tenester
* lokalsjukehus som i nær samhandling med kommunehelsetenesta er i stand til å ta hand om og behandle alvorleg sjuke - eventuelt før vidaresending til andre sjukehus
* at den daglege drifta ved lokalsjukehuset er tufta på at sjukehuset har funksjonsansvar anten åleine eller ilag med andre sjukehus innan relevante diagnosegrupper
* Helse Førde må ha tre lokalsjukehusområde, med tre somatiske sjukehus og tre distriktspsykiatriske senter i tillegg til poliklinikk i Florø.

AMBULANSETENESTE
Det er heilt grunnleggjande og avgjerande at kommunane og regionen har ei god og tilgjengeleg ambulanseteneste. Ei velfungerande ambulanseteneste i nærleiken er heilt avgjerande for tryggleikskjensla og likeverdig tilbod for innbyggjarane.

Difor er det viktig at ambulansetenesta i kommunane ikkje vert svekka, men oppretthalden med ein til kvar tid gjeldande standard.

Vi meiner:
* at det skal vere godt utbygd og kvalitativt god ambulanseteneste på land, (i lufta og på sjøen) for alle kommunar.
* at alle skal ha kortast mogeleg reisetid til sjukehus.
* at å syte for velutdanna og velkvalifisert ambulansepersonell er Helse Førde sitt ansvar som arbeidsgivar.

ØKONOMI
Den største utfordringa vi står overfor er økonomi og rekruttering. At Helse Førde får same økonomiske rammer til å kunne gje eit tilsvarande spesialisthelsetenestetilbod som elles i landet. Det er gjennom dei tilsette ein yter kvalitet, derfor er gode arbeidsforhold avgjerande. Det er viktig å ha ein likeverdig økonomi for alle føretak. Inntektssystemet med innsatsstyrt finansiering høver dårleg i Sogn og Fjordane.

Vi meiner:
* at det er viktig at det ikkje finnast skeivfordelinga mellom føretaka.
* at høgare basisfinansiering er mest tenleg for distrikta og at stykkpris /innsatsstyrt finansiering med DRG poeng er ingen god modell. Den støtter ikkje opp mot dei store sjukdomsgruppene, som eldre sjuke og kronikarar.
* basisfinansiering må sikre beredskapen som dei offentlege sjukehusa må og skal ha
* ein må sikre eit tilpassa inntektssystem og løyvingar, som gjer at lokalt styre kan gjennomføre helsereforma i samsvar med visjonen."

• Les heile innstillinga frå styret i Sogn og Fjordane Arbeidarparti ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar