Arbeidarpartilaga i Sunnfjord og Ytre Sogn mobiliserer for sentralsjukehuset i Førde.
Neste helg skal Sogn og Fjordane Ap vedta sjukehuspolitikken for dei komande åra.
Sidan 2004 har Førde sentralsjukehus mista 49 senger. Ap-politikarar må vakne og hindre ei utarming av fagmiljøet, meiner leiar i Hyllestad Arbeidarparti, Finn Borgen Førsund.
- Eg synst no det er på tide at vi signaliserer at vi er opptekne av at dette sjukehuset skal oppretthalde sine tenester framover, seier han. Reduksjonen i Lærdal og Nordfjordeid er høvesvis 17 og 9 senger. Dette har ikkje utløyst protestar frå politikarane i Sunnfjord og Ytre Sogn.
Borgen Førsund mislikte statistikken då han fekk han i hende nyleg. - Dette fortel vel at vi som spring rundt i Sogn og Fjordane reknar med at dette svære bygget i Førde, det skjøttar seg sjølv, og så er vi ikkje klar over det som skjer innanfor spesialisthelsetenesta, seier Borgen Førsund.
• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke på overskrifta her
Eg har og lagt inn ein kommentar til saka: "Jeg vil først presisere at vi må kjempe mot nedbygging av sykehustilbudene i hele fylket. Men når det gjelder reduksjonen av sengetallet i Førde, så tror jeg saken kan nyanseres litt. For det handler vel mest om modernisering på sentralsjukehuset og omlegging til mer poliklinisk behandling? Det er jo noe styret har snakket varmt om i flere år, at en ved sentralsjukehuset skulle ta i bruk mer moderne behandlingsmetoder som ikke krever sengeplasser. Er det virkelig slik at tilbudet er redusert og fagmiljøet svekket siden 2004? Eller har en faktisk tatt i bruk nytt areal (Påbygg 2000), utvidet med nye tilbud (patologi) - og altså lagt om til mer moderne, poliklinisk behandling?"
lørdag 29. mars 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar