– Sjukehustilboda risikerer rasering, seier stortingsrepresentant Åge Starheim (Frp). Partiet reiser no eige framlegg i Stortinget om å styrke helseregionane med 1,5 milliardar kroner.
I Frps framlegg Er Helse Vest tiltenkt 280 mill. kroner.
– Dei kutta det no er tale om, vil råke pasientane over heile landet. I Sogn og Fjordane kjem både lokalsjukehusa og Sentralsjukehuset til å bli raserte, dersom det skal kuttast 55 årsverk, slik det er tale om, seier Starheim til Firda.
– Eid og Lærdal kan bli ståande tilbake som medisinske sentra, og Førde sentralsjukehus kan bli drastisk svekt. Føretaka lyt få meir pengar, seier stortingsrepresentanten.
• Les saka i Firda på nett ved å klikke på overskrifta her
onsdag 12. mars 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar