onsdag 24. februar 2010
Helse Vest: Helse Førde må finna endå fleire sparetiltak
FIRDA Adm. dir Herlof Nilssen i Helse Vest meiner Helse Førde må finne tiltak for nye 20 mill kroner, for å sikre seg mot ny budsjettsprekk.
Dette går fram av ei risikovurdering administrasjonen i Helse Vest legg fram på styremøtet i regionføretaket 3. mars.
Risiko: 50 mill kr
Risikoen i Helse Førdes budsjettopplegg blir talfesta til heile 50 mill kroner, medan Helse Førde på si side har peika ut tiltak for til saman 45 mill kroner. Men røynslene viser at tiltaka ikkje vil ha full gjennomføringseffekt, skriv Helse Vests administrerande direktør i tilrådinga til styret.
Effekt i år
– Legg vi til grunn ein gjennomføringsgrad på 80 prosent, er det eit gap på 15 mill kroner mellom identifisert risiko og tiltak. For Helse Førdes del er det difor naudsynt å identifisere tiltak for ytterlegare 20 mill kroner for at ein skal ha rimeleg tillit til at budsjettopplegget held. Tiltaka kan sjåast i samanheng med den pågåande strategiprosessen, men må vere utforma med tanke på å gi effekt allereie i 2010, skriv Nilssen.
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar