fredag 19. februar 2010

Mowatt trekkjer seg i protest mot Helse Vest


NRK SOGN OG FJORDANE Mowatt trekkjer seg frå Helse Førde - Grunnen er måten Helse Vest behandlar oss på.

Mowatt har vore styremedlem i føretaket i to år. Dei siste månadane tykkjer Mowatt Helse Førde har vorte kraftig overstyrde av Helse Vest.

- Helse Vest har brote oss ned
- Me hadde eit greitt samarbeid ganske lenge, men etter jul har dei brote oss ned tre gonger og gjort det dei kan for å svekkja både direktøren og styret

Mowatt føler Helse Førde ikkje har tillit hjå Helse Vest lengre, og tykkjer ikkje situasjonen er til å leva med lengre.

- Skaut ned leiing og direktør
- For det fyrst gjekk styreleiar Oddvar Nilsen ut i Fjordabladet der han skaut ned både leiinga og direktøren, og gav inntrykk av at det var Helse Vest som måtte inn og rydda opp no. For det andre kappa dei oss frå femti til tjue millionar i investeringsstøtte, med den grunngjevinga at me har dårleg økonomi.

Det toppa seg for Mowatt i går kveld då Helse Førde-styret fekk betinga tillit. Det betyr at sitjande styre i Helse Førde vert oppnemd på nytt no, men at Helse Vest vil vurdera i august om medlemmane gjer ein god nok jobb til å få halda fram.

- Dette er så grove angrep på styret i ein situasjon der me har ein vanskeleg jobb føre oss, at det ikkje er til å leva med for meg.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

• Les saka (og kommentarane) i Firda ved å klikke her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar