søndag 21. februar 2010

Mowatt: Trur Helse Førde-direktøren og styret blir kasta


FIRDA Fredag trakk han seg i protest, i Firda laurdag går tidlegare styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, langt i å spå ein hard lagnad for leiinga ved helseføretaket – alt til sommaren.

– Helse Vest har halde si klamme hand over alt styret i Helse Førde har prøvd å få til. Dei kjem til å presse fram eit underskot i Helse Førde første halvår i år, og deretter kaste både direktør og styre, seier Mowatt til Firda.

Alle fekk nytt styre - utanom Førde
Torsdag vart det klart at mens dei andre helseføretaka på Vestlandet (Stavanger, Fonna, Bergen og Apoteka Vest) fekk utnemnt nye styre, så blir Helse Førde-styret sitjande, men berre på eit førebels mandat fram til august i år. Dette oppfatta Mowatt, som har vore styremedlem i Helse Førde i to år, som tillit på vilkår, og han kunngjorde fredag at han trekte seg frå vervet.

– Sit på nåde
Men det er ikkje eit mållaust styremedlem som trekkjer seg. Mowatt meiner Helse Vest bevisst trenerer arbeidet til både direktør Bolstad og styret i Helse Førde.

– Det er mange døme på dette. Strategiprosessen styret no skal få gjennomføre på nåde fram til august, kunne ha vore gjennomført for mange år sidan, men er blitt trenert av Helse Vest. Det har toppa seg i det siste, og tek eg ikkje feil vil Helse Vest i løpet av sommaren kaste både direktør Jon Bolstad og styret i Helse Førde, seier Mowatt.

Helse Vest: - Tek det til etterretning
Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest stiller seg derimot uforståande til Mowatts avgang frå Helse Førde-styret. Han meiner Helse Vest prøver å vere ein støttespelar for Helse Førde.
– Vil folk trekkje seg tek eg det til etterretning. Vi får halde eit nytt føretaksmøte, og få på plass ein ny kandidat, seier Nilsen.

Øberg beklagar
Mowatts eigen styreleiar, Clara Øberg i Helse Førde, beklagar på si side sterkt at den markante samfunnstoppen frå Hyllestad trer ut av styret.
– Sjølv har eg eit sterkt ønskje om å halde fram arbeidet med strategiprosessen. Eg vil vere med å fullføre jobben, seier Øberg til Firda.

Sjukehusaksjonist i Nordfjord, og Frp-representant i fylkestinget, Svein Hansen frå Selje meiner det ei lette at Mowatt trekkjer seg.
- Det er ein fordel for lokalsjukehusa at Harry Mowatt er ute av Helse Førde-styret, seier leiaren for sjukehusaksjonen i Nordfjord til NRK.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar