fredag 5. mars 2010
- Får lengste akuttvegen i Norge
FIRDA - Lokalmedisinsk senter er ikkje godt nok for oss.
- Vi må ha eit lokalsjukehus. Det er ikkje godt nok for oss med eit lokalmedisinsk senter, sa Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus då heldt innlegg under dialogmøtet med helseministeren.
Ho trekte fram at Sogn og Fjordane er eit heilt spesielt fylke når det gjeld avstandar.
- Dersom modell 1 blir realisert, med sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter, og ein mister akuttberedskapen i Lærdal, vil dei som bur i Årdal få det som kanskje er den lengste vegen til akuttberedskap i Norge. Det er 17 mil frå Årdal til Førde, sa Øien Hauge.
Ho understreka at Forsvar Lærdal sjukehus ikkje er motstandar av sentralsjukehuset, men for to lokalsjukehus i tillegg.
Øien Hauge trekte fram fleire eksempel på fødslar som ikkje hade gått bra dersom det ikkje hadde vore eit lokalsjukehus i Lærdal.
Kommunejordmor Rigmor Chruickshank i Årdal, kunne utfylle dette biletet. Ho fortalte at etter hennar registreringar vil kvar sjuande årdøl bli fødd i ein ambulanse dersom tilbodet i Lærdal forsvinn.
• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta
RETTING: Det me sa, var at årdølene får lengste akuttvegen i Sør-Norge (ikkje Norge).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar