mandag 15. mars 2010

Nordfjord mobiliserer fullt i kampen for å behalde lokalsjukehuset


NRK SOGN OG FJORDANE Nordfjordrådet mobiliserer for fullt i kampen for å behalde lokalsjukehuset.

I dag hadde Nordfjordrådet møte i Stryn og bestemte seg for å setje ned eit eige utval som skal gjennomgå framlegget til Helse Førde om å gjere lokalsjukehuset på Eid om til distriktsmedisinsk senter.

Ordførar Roger B. Silden i Vågsøy meiner framlegget til Helse Førde er noko av det mest alvorlege som har hendt i Sogn og Fjordane.

-Når det er snakk om å kun ha eitt sjukehus i heile Sogn og Fjordane så bør alle forstå at det er alvorleg- spesielt for innbyggarane i utkantane, ifølge Silden.

Vil ha inn næringslivet
Helse Førde vil omgjere sjukehusa i Nordfjord og i Indre Sogn til såkalla lokalmedisinske senter. Det betyr at sjukehusa ikkje lenger vil ha sengepostar eller fødetilbod og at vel 230 årsverk vil forsvinne.

Nordfjordrådet vil no bruke legane i regionen og trekke inn næringslivet for å få fram konsekvensane av Helse Førde sitt framlegg. I tillegg jobbar rådet framleis med å få til eit møte med Helseministeren.
- Her må vi gå breitt ut, vi treng eit engasjement kring det som skjer no, seier regionrådsleiar Gunn Helgesen.

Skarp kritikk mot Helse Førde- leiinga
Fleire ordførarar kom i dag med skarp kritikk av Helse Førde leiinga.

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal reagerer særleg sterkt på at Helse Førde brukar samhandlingsreforma som eit argument for å gjere om Nordfjord sjukehus til eit lokalmedisinsk senter. Planen til Helse Førde er at kommunane skal drifte medisinske senger ved senteret.
Det er særleg rådmennene i regionen som skal ha ansvaret for å få kommunelegar og dei kommunale næringsorganisasjonane med på ei uttale.
Leiar for rådmannskollegiet Reidar Sandviknes seier dei har dårleg tid og ein stor jobb framfor seg.
- Eg skulle gjerne sett at vi hadde fått nokre veker til for å få ein god nok prosess på dette, seier Sandviknes.

Om det vert ein felles uttale frå Nordfjord vil verte avgjort i eit ekstraordinært Nordfjordrådsmøte i April. Uttalen skal vere forma på ein slik måte at den ikkje berre skal gå til Helse Førde men også brukast opp mot Stortinget og Regjeringa.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar