mandag 8. mars 2010

Sogn og Fjordane Ap kløyvd om sjukehusa


FIRDA Sjukehusstriden blussa opp på årsmøtet, og fylkespartiet greidde ikkje semjast om ei fråsegn.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti kjem ikkje til å ha noko meining om sjukehuspolitikken og den nye strukturmodellen Helse Førde sender ut på høyring, før etter at det er halde representantskapsmøte eller ekstraordinært fylkesårsmøte om saka.

Søndag valde årsmøtefleirtalet mot 37 røyster å vente med å ta helsepolitisk standpunkt.

Nær kampvotering
Då hadde sjukehusmotsetnadene i partiet kome til overflata for fullt, og det låg an til kampvotering mellom ein fråsegnstekst som i stor mon la opp til å verne om m.a. akuttfunksjonane ved dagens lokalsjukehus, og eit framlegg frå Harry Mowatt som la stor vekt på Helse Førdes økonomiske situasjon.

Mindretalet på 37 frå Nordfjord og Årdal/Lærdal ville ikkje utsetje saka, men røysta for framlegget som i praksis gjekk mot grunnleggjande endringar ved lokalsjukehusa.

Utfordra ikkje statsråden
Kløyvinga i sjukehussaka kom for alvor opp i dagen mot slutten av årsmøtet.

Dagen før møtte helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ei lyttande og avventande haldning, då ho i sin årsmøtetale streka under behovet for ei sjukehusomlegging ho meiner er nødvendig, dersom helsevesenet skal greie å møte eldrebølgja og dei aukande livstilssjukdomane.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar