torsdag 4. mars 2010

Kandidat til styret i Helse Førde


SOGN AVIS Årdal, Lærdal og Aurland lanserer no Knut Arne Klingenberg, Ap, som kandidat til styret i Helse Førde etter Harry Mowatt.

– Eg er spurd og har sagt ja til å stilla for å prøva å gjera ein jobb for helseføretaket, seier Klingenberg.

Men det kan bli ein tøff kamp for helsepolitikaren frå Årdal, då sterke krefter går inn for Fjaler-ordførar Arve Helle. Han har, ifølgje avisa Firda, 14 ordførarar i ryggen for sitt kandidatur, blant dei ordførarane i Luster, Sogndal, Balestrand og Vik.

– Eg ser at det er mange som har samla seg om Helle. No får dei i alle fall fleire å velja i, seier Klingenberg, som er oppteken av å gje eit godt helsetilbod til alle og at helsetilboda skal vera godt tilgjengeleg.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar