onsdag 2. mars 2011

- Eg brenn for Lærdal sjukehus


NRK SOGN OG FJORDANE Onsdag kveld vart det arrangert støttekonsert for Lærdal sjukehus i Årdal. Initiativtakar Odd Tore Moen er strålande nøgde med arrangementet.

– Dette vart ein kjempeflott kveld. Eg brenn for dette sjukehuset, seier han oppglødd rett etter konserten er slutt.

Han fortel om ein fullsett sal i samfunnshuset i Øvre Årdal. Omlag 500 publikummarar hadde teke turen for å vise si støtte.

– Alle er så begeistra. Det var mange flotte appellar og musikalske innslag, og det vart ei lun og god atmosfære.

LES OGSÅ: Høgre slår ring om lokalsjukehusa
LES OGSÅ: Sjukehuskampen i Sogn og Fjordane

Fryktar konsekvensane
Moen fortel at både han og dottera har hatt kreft og blitt friske att. Dei var opererte og fekk oppfølging ved Lærdal sjukehus. Han seier at nærleik til sjukehus er svært viktig for både for pasientane og pårørande. No fryktar han konsekvensane dersom sjukehuset mister ein del funksjonar.

– Mellom anna risikerer vi å få tre timar reiseveg dersom vi treng akutthjelp.

Trur det nyttar
Helse Førde sine planar om nedbygging av Lærdal sjukehus har vekt sterke reaksjonar i lokalsamfunnet Moen er sikker på at dei oppnår noko med å engasjere seg og halde ein slik konsert som i kveld.

– Ja, eg trur faktisk det. Dette virkar, for lokalpolitikarane er engasjerte og formidlar dette vidare. Vi kastar alt anna tilside og mobiliserer når det verkeleg gjeld. Dette er årdølene i eit nøtteskal.

Næringslivet i Årdal bidrog i kveld med over 30 000 kroner til aksjonen Forsvar Lærdal sjukehus.

Tidlegare har sjukehusforkjemparar i Nordfjord hatt støttekonsert for sjukehuset i Eid.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar