onsdag 9. mars 2011

Matopprør på sjukehuset


SOGN AVIS – All middagsmaten me får her, etter at den vart levert frå sentralkjøkenet i Førde, har smak av mjøl og vatn. Det er ei fornærming mot magen.

Det seier Frode Finstad og Jan Åge Holta, pasientar ved ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus. Dei seier maten er så smaklaus at dei har vurdert å leiga ein minibuss til Håbakken og eta middag på kafeteriaen der oppe.

– Eg køyrde opp sjølv torsdag i førre veke og fekk meg raspeballar. Det vart ei heilt anna oppleving enn det eg no får servert ved sjukehuset, seier Holta.

Omlegging
1. februar starta Helse Førde opp prosjekt matforsyning, der produksjonskjøkenet ved Førde sentralsjukehus skulle stå for levering av middag til dei lokale mottakskjøkena ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. I tillegg leverer dei mat til Indre Sogn psykiatrisenter og Tronvik. Men den maten fell altså ikkje i smak blant pasientane. Arild Fålun, direktør for intern service, meiner maten er både betre og tryggare etter omlegginga.

– Me kan vera samde om at maten er viktig, både helsemessig og når det gjeld trivsel. Eg mener at maten er like god og kanskje med eit betre utval enn tidlegare, seier Fålun. Fålun legg til at han likevel tek på alvor dei innspela som kjem når det gjeld maten etter omlegginga. Han vel å tru at pasientane i Lærdal har vore uheldige med maten sidan dei vurderer å leiga buss til gatekjøkenet for å få skikkeleg mat.

–Me får vona dei blir meir nøgde neste gong. Det er ei kjensgjerning at me får veldig gode tilbakemeldingar også. Det luktar like god mat ved sjukehusa i dag som tidlegare, så eg trur dette går seg veldig godt til.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta, og meir i papirutgåva av Sogn Avis onsdag 9. mars.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar