lørdag 5. mars 2011

Senterpartiet: Vedtok føde og akutt i partiprogram


NRK SOGN OG FJORDANE Eit overveldande fleirtal på årsmøtet til Senterparti vedtok at programmet framfor fylkestingsvalet skal innheld ei formulering om velfungerande lokalsjukehus med akutt og fødetilbod.

Dei krev også eit sterkt sentralsjukehus. Alle sjukehusa skal vere tilpassa framtida sine utfordringar, heiter det no i programmet.

Debatten var prega av ønskje om å finne mest mogeleg samlande formuleringar, og krav frå Nordfjord om fødeavdeling ved sjukehuset der, vart ofra for å få kunne samle partiet.

I ei samrøystes fråsegn frå fylkesårsmøtet krev mellom anna partiet at sentralsjukehusfunksjonane i fylket må styrkast og at lokalsjukehusa i Lærdal, Førde og Nordfjordeid må vidareutviklast med basis i dagens funksjonar.

I fråsegna som går til sentrale styresmakter, står det også at samla løyving tilhelsetenestene i fylket må aukast. Mellom anna må ulempene med store avstandar i fylket få større vekt i tildeling av pengar.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar