torsdag 10. mars 2011

Manglar plan for følgjeteneste


NRK SOGN OG FJORDANE Dei nye krava til fødselsomsorga gjer at fødande med lang reiseveg til sjukehus har krav på følgje frå jordmor.

Men fleire stader veit ein endå ikkje korleis dette skal gjerast i praksis.

- Dei burde hatt klar ein plan
Berre i Sogn og Fjordane er to fødeinstitusjonar vedtekne nedlagde, men Helse Vest har likevel ingen plan for beredskapen for dei fødande.

- Eg skulle ønskje det var slik at når ein tek vekk eit tilbod, så finst det ein tydeleg plan for kva som skal bli alternativet, seier leiar for jordmorforeininga i Sogn og Fjordane Aud Jekteberg Nordpoll.

Sonen kom i full fart
Therese Gjerde frå Holvik i Måløy er blant dei som kan få lengre reiseveg dersom fødetilbodet på Nordfjordeid vert nedlagd.

For åtte veker sidan fødde ho sitt tredje barn på den lokale fødeavdelinga. Sonen Theo kom til verda rett etter at mamma Therese Gjerde hadde kome fram til sjukehuset.

- Det gjekk 12 minutt etter eg kom inn dørene, så kom han. Så det gjekk akkurat, seier Gjerde til NRK.

Kan få lenger reiseveg
Men om Nordfjord sjukehus misser fødetilbodet får Gjerde og dei vel hundre andre fødande kvinnene i ytre Nordfjord vel to timar reiseveg til sjukehuset i Volda for å føde. Det er Gjerde skeptisk til.

- Sist vi var på barseltreff var vi åtte stykk der. Alle saman hadde født på under to timar, fortel Gjerde.

Nye krav til følgjeteneste for fødande
Dersom fødande i ytre Nordfjord må til Volda for å føde skal dei ha følgje av jordmor til sjukehuset.

Helsedirektoratet har lagt fram nye kvalitetskrav som gjeld fødande med lang reiseveg.

Der er ein og ein halv time reiseveg, rettleiande grense for døgnkontinuerleg vaktberedskap og følgjeteneste.

Og medan regjeringa jobbar med å ta ei avgjerd om framtida til fleire fødetilbod i distrikta, anar ikkje helsepersonellet lokalt korleis følgjetenesta skal organiserast.

Jekteberg Nordpoll i Sogn og Fjordane jordmorforeining er oppgitt.

- Eg skulle ønskje ein hadde ein plan. Og ikkje berre ein plan, men også tydelege meiningar om kva innhald denne planen skal ha, seier Jekteberg Nordpoll.

- Ansvaret ligg lokalt
Det er Helsedirektoratet som på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har utarbeidd retningslinjene.

Avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Erik Normann, seier reglane er ei rettleiing til helseføretaka og kommunane, og at det må bli opp til dei å avgjere korleis reglane skal følgjast opp.

- Ansvaret for oppfølging av det praktiske innhaldet har kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta, avhengig av kva det dreier seg om, seier Normann.

- Dette er ikkje noko problem
Men heller ikkje Helse Vest kan svare på korleis ei framtidig følgjeteneste konkret skal organiserast. Det vedgår fagdirektør Baard-Christian Schem.

- Dei detaljerte ordningane vil kome på plass når vi inngår dei konkrete avtalene, mellom helseføretaka og kommunane som skal samarbeide, seier Schem.

- Men hadde det ikkje vore ein fordel å ha dette heilt spikra før ein vedtek å leggje ned tilbod?

- Nei. Det det er snakk om her er å formalisere ordningar som i stor grad allereie er på plass. Dette ser vi ikkje på som noko uoverkomeleg problem, seier Schem.

Mødrene vert usikre
For leiaren i Sogn og Fjordane jordmorforeining er ikkje det svaret godt nok.

- Så langt har dei vore opptekne av dette med kvalitet, og det er bra. Eg set det som ein føresetnad at når dei skal utforme eit anna tilbod ute i kommunane, at ein også vil leggje desse kvalitetskrava til grunn. Og at ein er villig til å gå inn med ressursar og økonomi, seier Jekteberg Nordpoll.

I Måløy gjer usikkerheita rundt fødetilbodet Therese Gjerde usikker. Ho har eigentleg lyst på nummer fire, men etter ein fødsel som tok berre litt over ein time er ho skeptisk.

- Eg torer ikkje gje meg ut på eit born til, dersom sjukehuset vert nedlagd og ein ikkje har ei trygg jordmorteneste.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar