onsdag 2. desember 2009

Ap diskuterte ordførar-utspel


SOGN AVIS Ei resignert forsamling møtte ordførar Arne Sanden på medlemsmøtet i Lærdal Ap.

– Fødetilbodet tapte me eigentleg i 2003, då fødeavdelinga vart omgjort til fødestove.
Det sa Jarle Vindedal i debatten som følgde Sanden si forklaring på kvifor han i førre veke gjekk offentleg ut og sa han ville ofra fødestova til fordel for ortopedien i Lærdal.

Har snakka saman
Utspelet til Sanden vekte naturleg nok oppsikt, men det var tydeleg på Sanden at han hadde vore i kontakt med fleire instansar, blant anna med Helse Førde, før utspelet. Sjølv om han ikkje sa det direkte.
– Eg lever ikkje i eit vakuum og kan seia så mykje at det er ingen hjelp i å stå på barrikadane og skrika om hjelp verken til departement eller Storting. Og skal me klara å oppretthalda det viktigaste tilbodet, som er akuttberedskapen rundt indremedisin, så må me gjera nokre val.

Men ordføraren måtte tola kritikk frå eigne rekkjer på korleis han hadde handtert saka.

–Burde hatt medlemsmøte
– Me har programfesta at me skal jobba for å få tilbake fødeavdelinga, så me skulle absolutt hatt medlemsmøte på saka, sa Eva Hage Solstad, som la til at ho hadde møtt mange personar som ikkje kjende att partiet i saka.

Kristen Olav Grøttebø sa at han i sin villaste fantasi ikkje hadde trudd at det var ordføraren i Lærdal frå Ap som tok initiativet til å få legga ned fødestova.

Nær utmelding
– Dette var noko styret i Helse Førde skulle ha teke ansvaret for i tilfelle, ikkje ordføraren i Lærdal. Eg var på nippet til å melda meg ut då eg høyrde dette, sa Grøttebø, som streka under at det var viktig å ha nærleik til fødetilbodet.

Jan Børge Monsen viste til at informasjonen som kom frå Helse Førde når det gjeld fødetilbodet, var full av faktafeil.
– Og kva med reisekostnader og anna. Eg trur ikkje Helse Førde vil spara så mykje på dette.

Neppe fullmakt
Også Knut O. Aarethun meinte Sanden burde ha teke medlemsmøte på saka.
– Men når du fyrst byrjar å handla hest, så er det viktig at sjukehuset blir den tryggleiksbasen det er tenkt å vera, sa Aarethun, som tvilte på at Helse Førde hadde fullmakt til å leggja ned fødestova i Lærdal.

Rasande
Harry Haugen la ikkje skjul på at han vart rasande på eigen ordførar då han las om saka i Sogn Avis.
– No skal eg ikkje vera langsint, med fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus har vore ei fantastisk fødeavdeling. Og det er slike avdelingar dei fødande vil ha, dei vil ikkje føda i ein stor fabrikk der dei må ut att neste dag. Dette er også ein trend som blir sterkare og sterkare, men helsestyresmaktene jobbar stikk imot det tilbodet som dei fødande vil ha, sa Haugen, som la til at det var mange tilhøve som gjorde at det ikkje var fødde så mange i Lærdal for tida.
– Fyrst og fremst gjeld dette kriteria, og her burde me hatt ei ny fagleg vurdering. Men det er folk i fleire kommunar som jobbar i mot at dei fødande skal velja Lærdal. Her er det berre Årdal me kan stola på.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar