fredag 11. desember 2009

Styremedlem Harry Mowatt: – Tida overmoden for å avvikle Lærdal-føden


FIRDA Og ortopedien bør leggjast om på Eid, meiner Mowatt.

Styremedlem Harry Mowatt meiner strategiframlegget frå adm. dir. Jon Bolstad gir ei god retning og inneheld mange aktuelle tiltak som han trur vil bli gjennomført.
–Men tempoet i gjennomføringa bør vere større. Fleire av tiltaka har høg risiko, samstundes som innsparingane i budsjettframlegget berre ligg så vidt over grensa for det vi må spare. Vi bør ha større margin, seier styremedlemen.

Nær millionen i månaden
Mowatt meiner at fleire tiltak som Helse Førdes administrerande direktør berre legg opp til å vurdere, bør vedtakast og setjast ut i handling så tidleg som mogleg i 2010.
–Tida er overmoden for å leggje ned fødestova i Lærdal. Dette fødetenestetilbodet er i røynda allereie lagt ned tre gonger, først av dei fødande sjølve, deretter av ordførar og formannskap i Lærdal, og attpåtil også av Sogn regionråd. Når denne forsterka fødestova kostar Helse Førde ein liten million kroner i månaden, burde ho leggjast ned 1. februar, seier styremedlemen.

Veit nok
Mowatt meiner at Helse Førde også har data nok til å setje ut i handling den omlegginga av ortopedien Helse Førde-administrasjonen inviterer til, når den vil vurdere nedlegging av det ortopediske tenestetilbodet i Eid eller Lærdal.
–Etter mi meining, bør vi leggje om ortopedien ved Nordfjord sjukehus til dagkirurgi og vidareutvikle dagens ortopedi i Lærdal, seier han.

Også ei omlegging av overvakinga på Nordfjordeid, tilsvarande den som vart gjort i Lærdal, bør kunne gjennomførast raskt, seier Harry Mowatt.

Annleis for Eid-føden
Han er derimot ikkje innstilt på noko snarleg endring i fødetilbodet i Eid, der adm. dir. Bolstad legg opp til å vurdere omlegging frå fødeavdeling til jordmorstyrt fødestove.

–Eg tykkjer ikkje vi bør gå inn i denne typen vurderingar før Helse Vest har lagt fram sin varsla plan for fødetilbodet i heile regionen. Den planen skal kome 1. juli neste år. Fødetenesta på Nordfjordeid står dessutan i ein annan situasjon enn i Lærdal, seier styremedlemen.

Trongare økonomi
–I all hovudsak tykkjer eg administrasjonen har jobba godt og seriøst med strategiframlegget. Men eg er redd dei økonomiske utfordringane kan bli så store at vi må kome oss meir i forkant og ha meir å gå på enn det administrasjonen her legg opp til.

Regjeringa gir klare signal om at pengebruken i statsbudsjettet skal tilbake til handlingsregelen. Då blir det mindre vekst i sjukehusøkonomien enn før, seier Harry Mowatt.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar