tirsdag 15. desember 2009

Nordfjordrådet ber om møte med den politiske leiinga i helsedepartementet


FJORDABLADET Helse Førde sitt framlegg til strategidokument samsvarar ikkje med overordna statlege styringsdokument, korkje i tid eller innhald.

På grunn av at det råder ulike syn mellom det den raudgrøne regjeringa seier i Soria Moria II om lokalsjukehus og Helse Førde sitt syn på kva rolle desse sjukehusa skal spele i framtida, kjem Nordfjordrådet til å be om eit avklaringsmøte med den politiske leiinga i helsedepartementet.

Dette vart klart då Nordfjordrådet hadde møte i Smia i Hornindal måndag ettermiddag.
I ei uferdig fråsegn frå møtet heiter det mellom anna:
«I Soria Moria II heiter det at eksisterande desentraliserte sjukehustilbod skal oppretthaldas. Dette skal sikre nærleiken til akuttfunksjonar og fødetilbod, og det vert frå regjeringa presisert at: «Ingen lokalsjukehus skal leggast ned ». Regjeringa seier også at: «Når sjukdom rammar, skal folk oppleve at de får tilbod om behandling og pleie med kort ventetid og med størst muleg nærleik til brukaren.»

I uttalen frå Nordfjordrådet heiter det at regionrådet tek ovannemnde utsegner og lovnader på alvor, og viser til at Helse Førde i sitt framlegg til strategidokument startar ein endrings- og sentraliseringsprosess som korkje i tid eller innhald samsvarar med overordna statlege styringsdokument.

Samhandlingsreforma skal til dømes ut på høyring i januar 2010. Førebels dato for handsaming i Stortinget er 27. april 2010. Nordfjordrådet meiner at eventuelle endringar ved drifta ved Nordfjord sjukehus no ikkje er i samsvar med den helsepolitikken som er nedfelt i Samhandlingsreforma og Soria Moria II.

Nordfjordrådet held vidare fast på at Nordfjord sjukehus må oppretthaldast med dei funksjonane som ligg til sjukehuset i dag.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar