tirsdag 15. desember 2009

Årdal: Reagerer på ambulansekutt


SOGN AVIS Tidlegare ambulansesjåfør i Årdal meiner ambulansetenesta er nærast rasert enkelte stader.

Glenn Morten Hestetun, tidlegare ambulansesjåfør i Årdal, reagerer på kuttframlegg i Helse Førde som kan gå ut over ambulansetenesta.

– Helse Førde ville sjølv overta ambulansetenesta frå Røde Kors og private aktørar, det var ingen som tvang dei til det. Men alt skulle bli så mykje betre dersom dei fekk overta, blant anna skulle det verta krav om at samtlege skulle ha fagbrev. Ambulansetenesta i distrikta skulle også styrkjast. Her var det heller ikkje snakk om kva det skulle kosta, heile ambulansetenesta skulle styrkjast, seier Hestetun.

Rasering
Han var sjåfør på ambulansen i Årdal og er også kommunepolitikar for Ap. Kommunen hadde ein periode to ambulansar, men står no att med ein.

– Og Aurland si ambulanseteneste er på det næraste rasert. Det blir sagt at det ikkje er behov for ambulanse i Aurland sidan det er så få oppdrag. Men kven er det som styrer oppdraga? Dette er det Helse Førde som kan gjera noko med.

– Det er heilt klart noko som ikkje stemmer her. Fyrst raserer dei lokalsjukehusa, og i mitt hovud burde dei då styrkja ambulansetenesta når folk blir tvinga til å reisa i fleire timar for å få spesielle helsetenester, som blant anna eit fødetilbod. Då kan dei ikkje kutta i ambulansetenesta. Det blir heilt feil og er eigentleg ei tragedie for heile helsevesenet i Sogn.

Tek opp saka
Hestetun trur ambulansetenesta i dag blir driven til ein langt høgare pris enn før Helse Førde overtok.

– Det skulle ha vore moro og sett kva ambulansetenesta kostar i dag, med den store administrasjonen som sit og styrer. No kuttar dei der arbeidet skal utførast, medan administrasjonen blir bygd opp. Eg blir både forbanna og frustrert på heile dette systemet, som til sjuande og sist går ut over pasientane.

Hestetun seier han vil ta saka opp i Arbeidarpartiet, og ser det som naturleg at det kjem ein uttale frå kommunestyret torsdag.

– Så får det bli opp til ordføraren å bringa dette vidare til naturlege samarbeidsfôra og inn mot Helse Førde. Dette er ei sak som gjeld oss alle, uavhengig av både kommune- og partigrenser.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar