mandag 7. desember 2009

Mange valde å boikotte ordføraren sitt initiativ


NRK SOGN OG FJORDANE Lærdalsordførar Arne Sanden inviterte til dialogmøte om fødestova, men kvinnene bak underskriftsaksjonen møtte aldri opp.

Ordføraren i Lærdal hadde måndag kveld invitert unge kvinner i Lærdal til eit dialogmøte om fødestova ved sjukehuset.

Men mange valde å boikotte ordføraren sitt initiativ.
- Han burde ha invitert til dialogmøte før han gjekk ut i avisene med utspelet sitt. Dessutan er det latterleg at han berre inviterte jentene i Lærdal - han burde også ha invitert alle dei i Årdal og Aurland, dei over fjorden og ikkje minst fedrene, seier Linda Kvam Bjørkum.

Trur ikkje på signala
Saman med Marita Mo står ho bak underskriftsaksjonen mot planane om å leggje ned fødestova i Lærdal. Måndag kveld nærma aksjonen seg 1000 underskrifter, etter at aksjonen starta laurdag.

- Uansett kor mykje vi snakker med ordføraren om dette, hjelper det ikkje oss til å få att føden. Dei har allereie sagt det dei meiner, så då har vi ingenting å snakke med dei om, seier Kvam Bjørkum.

- Eg trur også at litt av grunnen til at dei inviterer til eit slikt møte, er at dei vil ro seg inn att, og vise at dei bryr seg om det vi meiner - men det trur vi ikkje på.

Har ikkje tillit til ordføraren
Arne Sanden har tidlegare gått ut med at han kan tenkje seg å byte bort fødestova mot at Lærdal får behalde andre viktige funksjonar ved sjukehuset - som ortopedien.

Men det har aksjonistane lita tru på.
- Reiser føden, reiser også ortopedien. Eg trur det vil bli ein dominoeffekt, seier Kvam Bjørkum.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar