mandag 25. oktober 2010

Nordfjord får besøk av helsepolitikar


SOGN AVIS Leiaren av av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Bent Høie (H), kjem til Nordfjord sjukehus, og Høgre i Sogn og Fjordane har sett ned eit nytt helseutval.

– Me er glade for at Bent Høie kjem til fylket og denne gong med særleg fokus på Nordfjord. Dessutan har Sogn og Fjordane Høgre sett ned eit nytt utval som skal jobba med helsepolitikk. I 2009 hadde fylkeslaget ein omfattande gjennomgang som enda opp i eit ekstraordinert årsmøte der ein gjorde vedtak om helsepolitikken fram mot Stortingsvalet, seier fylkesleiar for Høgre Bjørn Lødemel.

Bent Høie er invitert for å diskutera private helsetenester som supplement til dei offentlege. Høgre ønskjer difor mellom anna å møta arbeidsgruppa for vidare drift av Nordfjord sjukehus. Denne gruppa har vore i kontakt med Lovisenberg Diakonale Sjukehus i Oslo, og Høgre ønskjer å høyra kva deira planar går ut på.

Høie kjem truleg til fylket i månadsskiftet november/desember, vert det opplyst i ei melding.

Det nye utvalet, sett ned av fylkesstyret for partiet, skal jobba med helse- og sjukehuspolitikken. Utvalsleiar er Arve H. Mjømen frå Gulen. Dei andre medlemmane er: Toril Irene Olesrud Fjørtoft frå Eid, Harald Aamot frå Førde og Karin Vikane frå Sogndal.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Presisering fra fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus: -Ikkje betre i Førde


FJORDABLADET -Det blir ikkje fagleg betre for kvinner frå Nordfjord å føde i Førde.

Fredag ettermiddag kunne NRK-lyttarane høyre klinikkdirektør Tore Dvergsdal og styreleiar Clara Øberg gje uttrykk for si meining om kvifor fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus bør leggjast ned. Leiinga sin måte å omtale fødeavdelinga og somme av dei tilsette der på, har skapt sterke reaksjonar både blant folk flest og dei som jobbar på sjukehuset. I samband med dette har dei tilsette ved fødeavdelinga sendt ut følgjande melding:


” Til befolkningen i Nordfjord

Vi på Føden ved Nordfjord Sjukehus HF har behov for å presisere følgende:

1. Det vil ikkje bli fagleg betre for fødekvinnene i Nordfjord etter den foreslåtte modellen der alle kvinnene i fylket skal føde ved Sentralsjukehuset i Førde.

2. Overjordmor ved Nordfjord Sjukehus har sete i faggruppa for ”områdeplanen for svangerskap, fødsel og barselomsorga” i Sogn og Fjordane og har dermed vore med på å gå inn for modellen med at ALLE FØDANDE i fylket skal bruke Sentralsjukehuset i Førde som fødestad. Pga faggruppas mandat var der ingen mogelegheit til å velje noverande FØDEAVDELIG. Modellen vart valgt som alternativ til FØDESTOVE.

3.Gynekologene er fagleg på høgde sjølv om dei er over 60 år.

4. Gynekologene har fullt opp å gjere sjølv om nokre få risikogravide vert henviste til å føde i Førde. Dei fleste som henvisast til Førde har behov for barnelege/barneavdeling.

VI OPPFORDRER ALLE TIL Å SI SIN MENING OM FREMTIDENS HELSE- OG OMSORGSTJENESTER. DIN MENING TELLER. ”


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

lørdag 23. oktober 2010

Helseforetaka manglar politisk styring


NRK SOGN OG FJORDANE Helseføretaka får ture fram som dei vil utan politisk styring. Det meiner kommunelegar og raudgrøne lokalpolitikarar.

Fredag vedtok Helse Førde å leggje ned fødetilbodet ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal.
Kommunelege i Vågsøy, Trond Inselseth, meiner det er eit eksempel på at føretaka får ture fram i strid med nasjonale føringar.
Han får støtte frå fungerande ordførar i Eid, Kjell Magne Åshamar, som tryglar regjeringa om å gripe inn.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

fredag 22. oktober 2010

Kampen er ikkje over - me gjev oss ikkje!

Helse Førde har i dag gjort vedtak om å leggja ned den forsterka fødestova i Lærdal og fødeavdelinga på Nordfjordeid. Saka skal vidare til Helse Vest og til Helse- og omsorgsdepartementet.

Me gjev oss ikkje! Kampen for fødetilboda i Nordfjord og Sogn er ein viktig og rettferdig kamp, og me held fram.

Vedtaket Helse Førde gjorde i dag byggjer på ein plan som er utforma av ei styringsgruppa som ikkje representerer dei berørte brukarane og kommunane. Dette er heilt i strid med signala i Nasjonal Helseplan som er lagt ut på høyring.
Fagfolka som utarbeidde planen fekk ikkje sjå på alternativet med å oppretthalda dei lokale fødetilboda på dagens nivå eller høgare - dei fekk valet mellom jordmorstyrte fødestover eller ikkje noko fødetilbod lokalt.
Erfaring viser at legeberedskapen i Lærdal har redda liv ved fleire høve. Fødekvinner gjev òg sterkt uttrykk for at dei ynskjer - og krev - eit lokalt fødetilbod med legeberedskap.

Her er litt frå media om styremøtet og vedtaket i dag:
• Bergens Tidende Legg ned fødetilbod (der Helge Bryne kallar planen "innovativ og framtidsretta")
• Firda Flyttar alle fødslar til Førde
• Sogn Avis Har sagt nei til Lærdal
• Porten Spikaren i kista for føden i Lærdal?
• NRK SFj Vil leggje ned føden uansett

Legg ned fødeavdelingar



BERGENS TIDENDE Styret i Helse Førde går inn for å leggje ned fødetilboda i Lærdal og Eid. Førde får dermed einaste fødeavdelinga i Sogn og Fjordane.

Det er ei faggruppe som har tilrådd endringane styret i dag slutta seg til, omtrent med akklamasjon.

- Arbeidet som er gjort med denne saka, er noko av det mest innovative og framtidsretta i mi tid i styret. Eg trur denne modellen kan få nasjonal betydning, sa styremedlem Helge Bryne.

Avgjerda inneber at sentralsjukehuset i Førde får kvinneklinikk. Ved lokalsjukehusa i Indre Sogn og Nordfjord skal det opprettast einingar for svangerskap, barsel og kvinnesjukdomar. Her skal det mellom anna vere døgnkontinuerleg vaktordning med jordmødrer.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Bergens Tidende

Flyttar alle fødslar til Førde



FIRDA Sjukehusa i Nordfjord og Lærdal mister fødetilbodet.

Styret i Helse Førde har i dag samrøystes vedteke at alle fødslar i fylket skal skje ved Førde sentralsjukehus.

Styret vedtok ein modell med kvinneklinikk i Førde, nedlegging av fødeavdeling på Nordfjordeid og nedlegging av forsterka fødestove i Lærdal.

Ein av tre modellar
Dette er ein av tre modellar som har vorte vurdert av ei styringsgruppe leia av direktør Tore Dvergsdal ved kirurgisk klinikk i Helse Førde.

Ei fagekspertgruppe leia av avdelingssjef Kjellaug Fredly ved kvinneklinikken i Helse Førde har gitt råd til styringsgruppa.

Dei to andre modellane som har vore vurderte er:
Kvinneklinikk i Førde, jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid, og nedlegging av forsterka fødestove i Lærdal.
Kvinneklinikk i Førde, jordmorstyrt fødestove på Nordfjordeid, og jordmorstyrt fødestove i Lærdal.

Ikkje vilje og ønskje
Styringsgruppa konkluderte med at dei ikkje kunne tilrå jordmorstyrt fødestove i Lærdal og på Nordfjordeid.

Grunngjevinga er at ei jordmorstyrt fødestove er avhengig av vilje og ønske om å oppretthalde eit lokalt tilbod, og i vurdeingane til styringsgruppa fann dei ikkje ønske om jordmorstyrt fødestove verken hos jordmødrer eller dei lokale fastlegane.

Styrevedtaket basert på tilrådinga frå styringsgruppa inneber at Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus får eining for svangerskap, barsel og kvinnesjukdommar.

Ei slik eining inneber:
- Vaktordning med jordmødrer på sjukehusa heile døgeret for å sikre følgjeteneste.
- Tilbod til kvinner med lang reiseveg om å ligge på Lærdal eller Nordfjord sjukehus i den tida dei ventar på at fødselen skal starte opp
- Tilbod om å ha barselopphaldet på Lærdal eller Nordfjord sjukehus slik at dei får vere nærare heimen.
- Naudsynte blodprøvar og høyrselstest skal kunne takast på sjukhusa i Lærdal og Nordfjordeid.
- Barnelegeundersøkingar skal kunne takast i vare av allereie eksisterande ambuleringsordningar
- Ambulerande gynekologar frå Førde sentralsjukehus må gi tilbod om fødepoliklinikk og gynekologisk poliklinikk
- Ambulerande gynekologar frå Førde sentralsjukehus må gi tilbod om oppfølging av risikogravide, som i dag berre har dette tilbodet ved Førde sentralsjukehus
- Jordmødrene må ta vakter ved fødeavdelinga i Førde, for å sikre kontinuerlig trening i fødslar.
- Ved Lærdal og Nordfjord sjukehus skal det vere ”nødfødestove” slik at jordmor kan forløyse den fødande der ved raske fødselsforløp
- Eininga skal kunne tilby sal av jordmortenester til kommunane, enten på sjukehuset, eller ved ambulering ut i kommunane


• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka og kommentarane i Firda

Har sagt nei til Lærdal



SOGN AVIS Styret i Helse Førde meiner at fødetilbodet i Lærdal bør leggjast ned.

Det er ikkje Helse Førde-styret som avgjer dette, men det er liten grunn til å tru at Helse Vest-styret vil overstyra Helse Førde i denne saka. Det var rapporten frå ei arbeidsgruppe som vart vurdert av styret i dag, og denne gruppa går klart inn for den såkalla modell 1, der Førde står att med fødeavdeling, medan både Lærdal og Eid sitt fødetilbod vert lagt ned.

Styret har nett no vedteke at det må investerast mykje i nytt medisinteknisk utstyr i Helse Førde.

– Me ønskjer no å avliva den myten at me skal byggja ned lokalsjukehusa. Me skal ha topp utstyr på sjukehusa, sa styreleiar Clara Øberg.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka og kommentarane i Sogn Avis

Spikaren i kista for føden i Lærdal?



Eit samrøystes styre i Helse Førde vedtok i dag at den forsterka fødestova skal leggast ned. Helse Vest har det endelege ordet, men truleg skal det mykje til for dei landar på eit anna standpunkt.

No kjem vel ikkje dagens styrevedtaket i Helse Førde som ei bombe, for dette har dei gjeve klart uttrykk for tidlegare. Det kan likevel ikkje vere tvil om at styrevedtaket fredag er eit steg vidare mot nedlegging. Styret føl her opp fagutvalet og styringsgruppa si tilråding om at alt fødetilbod i Sogn og Fjordane skal skje ved Sentralsjukehuset i Førde. Som i klar tale medfører at fødeavdelinga på Eid og den forsterka fødestova i Lærdal vert lagt ned.

Nrk Sogn og Fjordane skriv at på si nettside at sjølv om det skulle kome meir pengar frå Staten vil Helse Førde styret likevel leggje ned fødetilbodet på dei to lokalsjukehusa. Denne gongen går dei eit steg lengre og seier det ikkje er fagleg tilrådeleg å ha fødetilbod i Lærdal og på Nordfjordeid. Økonomi blir denne gongen ikkje kopla opp mot vedtaket, heiter det.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg la vekt på at dagens ordning der gyneologane går lange vakter ved lokalsjukehusa, ikkje kan halde fram lengre. Og la til det var uhøyrt at spesialistane jobba veke etter veke i strekk.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Porten

Vil leggje ned føden uansett



NRK SOGN OG FJORDANE Sjølv om det skulle kome meir pengar frå staten vil styret i Helse Førde uansett leggje fødetilboda på Nordfjordeid og i Lærdal.

Vedtaket er eit innspel i høyringsrunden til ein plan for svangerskap, fødsles- og barselsomsorg for heile Vestlandet.

Helse Førde har tidlegare gått inn for nedlegging av fødeavdelinga på Nordfjordeid og fødestova i Lærdal dersom dei ikkje fekk tilført meir midlar frå staten.

– Ikkje fagleg tilrådeleg
Denne gongen går dei eit steg lenger, og seier det i høve framtidige krav ikkje er fagleg tilrådeleg å ha fødetilbod i Lærdal og på Nordfjordeid. Økonomi blir denne gongen ikkje kopla opp mot vedtaket.

Det einaste fødetilbodet i Sogn og Fjordane blir dermed ved Førde sentralsjukehus.

Samrøystes vedtak
Styrevedtaket var samrøysta og det var sterkt støtte til faggruppa sitt arbeid om at fødetilboda i Lærdal og i Eid skal leggjast ned.

Også dei to Senterpartipolitikarane i styret, nestleiar Jorunn Ringstad og Anni Felde, stilte seg fullt og heilt bak tilrådinga.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg la vekt på at dagens ordning der gyneologane går lange vakter ved lokalsjukehusa, ikkje kan halde fram lenger
– Kvifor skal spesialistane jobbe veke etter veke i strekk, det er uhøyrt, sa han.

Samarbeid med andre
Helge Bryne som er Helse Vest sin representant i Helse Førde-styret, meiner nedlegging av fødetilboda fangar opp den moderne medisinen og dei enklare reisemoglegheiten vi har i dag.

Vedtaket inneber også at det skal starta eit samarbeid om fødetilbodet med Helse Sunnmøre og Helse Bergen

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka "Vil leggje ned føden uansett" hjå NRK Sogn og Fjordane

Ungdomsopprør: Skriv under brevet til helseministeren (for aldersgruppa 13-19 år)


Ungdomsrådet i Lærdal har starta underskriftskampanje, som er lagt ut både på Facebook og underskrift.no. Kampanjen er retta mot ungdom i alderen 13 til 19 år (det er berre deira underskrifter som skal samlast no).

Ungdomsrådet (og sjølvsagt Forsvar Lærdal sjukehus) oppmodar alle i alderen 13-19 år om å signere dette oppropet:

Kjære Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen!

Som ungdom i Indre Sogn, og som Indre Sogn si framtid er det klart at me har engasjert oss i den viktige sjukehussaka. Gjennom heile den tida ungdomen har vore engasjert i saka har me vore klare på ein ting: Skal Indre Sogn ha ei framtid, så må me ha sjukehuset vårt!

Etter endt utdanning står me ungdommar framføre mange viktige val i livet. Eit av dei er at me skal velja oss ein stad å bu. Dersom det vert slik at me kanskje må føda ungane våre i ein ambulanse på veg til Førde, eller dersom me må reisa i timevis når ungane våre har brote foten, ja då vel me ikkje Indre Sogn som vår bustad!

Ein jobb vil me også ha. Lærdal sjukehus rommar arbeidsplassar i hundretal, og det vil verta ein lokal katastrofe dersom sjukehuset vert nedlagd. Me har ikkje råd til å miste så mange arbeidsplassar.

Ei nedlegging er i strid med det du, og dine regjeringsmedlemmar, lova oss i Soria Moria 2. Nærleik til akuttberedskap og fødetilbod, oppretthalda dagens desentraliserte sjukehusstruktur, ikkje leggja ned lokalsjukehus, bidra til å styrke utkantane.

Ungdomen i Indre Sogn har inga lit til Helse-Førde-styret. Me set vår lit til deg, Kjære Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Hugs kva du lova oss i Soria Moria 2. Hugs kva du skreiv til ungdomsrådet i Lærdal i sumar. Vær så venleg, ta ikkje ifrå oss tryggleiksbasen vår!


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå underskriftslista og signere
• Finn Lærdal Ungdomsråd på Facebook ved å klikke her.

torsdag 21. oktober 2010

Ordførar Sanden: – Eit svik mot Lærdal


SOGN AVIS – Den manglande støtta som Lærdal har fått frå regionsenteret og andre kommunar i regionrådet når det gjeld sjukehuset, er eit direkte svik mot kommunen.

Det sa ordførar Arne Sanden i Lærdal under regionsenterkonferansen i Sogndal tysdag. Sanden vende seg direkte til regionrådsleiar Torodd Urnes og sa han kom på ein viktig læresetning under sitt besøk i Lærdal sin venskapsby Jeriko nyleg.

Eigedomen til naboen
– Du skal ikkje trå etter eigedomen til naboen din. Den læresetninga har eg skjøna innhaldet i. Sogndal kommune, med administrasjon og formannskapet i spissen, har ikkje skjøna det. Lærdal kommune har 250 kompetansearbeidsplassar på sjukehuset. Dei er utruleg viktige, ikkje berre for oss, men for heile regionen. Det som har skjedd det siste trekvart året, har sett regionsamarbeidet på spel. Ikkje berre vil Sogndal leggja ned sjukehuset i Lærdal, men dei vil samla saman ruinhaugen og byggja det opp att i Sogndal.

Skjult dagsorden
Sanden hevda at dette skjedde gjennom ein skjult dagsorden, med styreleiar Clara Øberg i Helse Førde som den viktigaste medspelaren.

– Eg blir heilt skjelven når eg tenkjer på dette, sa Sanden, som gjorde det heilt klart at Lærdal ikkje ville bidra på nokon måte til å styrkja Sogndal som regionsenter.

Vil ikkje kommentera
Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll ynskjer ikkje å kommentera utspelet for Sanden.
– Av og til kjem det situasjonar der det blir sagt noko som får stå for den som seier det si rekning, seier han og legg til:
– Eg vil seia som professor Tor Selstad sa under konferansen at dersom me ikkje evnar å sjå ut over eigne kommunegrenser, så blir me alle taparar.

Clara Øberg seier ho slett ikkje har hatt ein skjult agenda.
– Det er jo veldig synd at ein ordførar vil senka seg ned på det nivået han har senka seg ned på. Men det er lite me kan gjera. Det er først og fremst eit problem for Lærdal som har den ordføraren dei har, seier Øberg i ein kommentar til NRK.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

• Som bakgrunnsmateriale kan det vere interessant å lese oppatt innlegget aksjonsleiar la ut på denne bloggen 8. mars 2010. Det finn du her.

Ap-sekretær hjå desperate Ap-folk


NRK SOGN OG FJORDANE Partisekretær i AP fekk høyra kva helsevalløfta til partiet var verd.

- Me har gått ut og lovd velgjarane våre å behalda sjukehusa våre slik me har dei. Også kjem dei folkevalde i ettertid og bryt den lovnaden. Det er å lura velgjarane, noko som ikkje er bra i det heile teke, seier kommunestyrerepresentant Rolf Lefdal i Eid, ein av dei som har meldt seg ut av partiet i rein frustrasjon.

- Nordfjordeid ikkje tilfeldig
Striden kring lokalsjukehusa fører til harde tak internt i Arbeiderpartiet. Helse Førde vil legge ned føde og akuttilbod ved sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, det har ført til at fleire politikarar har meldt seg ut av partiet.

I Selje kommune har lokallaget i praksis blitt nedlagt då samtlege tillitsvalde la ned verva sine og meldte seg ut av partiet.

I dag var Ap sin partisekretær Raymond Johansen i Nordfjord for å roe gemytta.
- Det er ikkje tilfeldig at eg er akkurat her i Nordjordeid, eit av områda der dette er det mest brennheite temaet, seier Johansen.

- Meir alvorleg
Han har opprøret i Hardanger friskt i minne. Men lokallagsleiar i Eid Siri Sandvik meiner at situasjonen i Nordfjord kan bli verre enn den i Hardanger.
- Her handlar det om liv og helse, og det er mykje meir alvorleg, Endar det med nedlegging, er dette løftebrot.

Men Johansen kunne ikkje lova noko i dag.
- Eg håpar inderleg me klarar å få fram at alle skal ha krav på det same gode helsetilbodet, uansett kvar ein bur i Norge.

Fryktar masseutmelding
Rolf Lefdal ser på internett ei gruppe på Facebook som viser at engasjementet er enormt.
- Stor oppslutnad. 4182 medlemmar.

Sjølv har han mistra trua på eige parti, han er overtydd om at det vil verte endå fleire utmeldingar om Nordfjordingane tapar sjukehustriden.
- Heilt klart, då vert det masseutmelding.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ungdomsopprør mot nedlegging av Lærdal sjukehus


LÆRDAL UNGDOMSRÅD, 21. OKTOBER 2010

Kjære Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen!

Som ungdom i Indre Sogn, og som Indre Sogn si framtid er det klart at me har engasjert oss i den viktige sjukehussaka. Gjennom heile den tida ungdomen har vore engasjert i saka har me vore klare på ein ting: Skal Indre Sogn ha ei framtid, så må me ha sjukehuset vårt!

Etter endt utdanning står me ungdommar framføre mange viktige val i livet. Eit av dei er at me skal velja oss ein stad å bu. Dersom det vert slik at me kanskje må føda ungane våre i ein ambulanse på veg til Førde, eller dersom me må reisa i timevis når ungane våre har brote foten, ja då vel me ikkje Indre Sogn som vår bustad!

Ein jobb vil me også ha. Lærdal sjukehus rommar arbeidsplassar i hundretal, og det vil verta ein lokal katastrofe dersom sjukehuset vert nedlagd. Me har ikkje råd til å miste så mange arbeidsplassar.

Ei nedlegging er i strid med det du, og dine regjeringsmedlemmar, lova oss i Soria Moria 2. Nærleik til akuttberedskap og fødetilbod, oppretthalda dagens desentraliserte sjukehusstruktur, ikkje leggja ned lokalsjukehus, bidra til å styrke utkantane.

Ungdomen i Indre Sogn har inga lit til Helse-Førde-styret. Me set vår lit til deg, Kjære Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Hugs kva du lova oss i Soria Moria 2. Hugs kva du skreiv til ungdomsrådet i Lærdal i sumar. Vær så venleg, ta ikkje ifrå oss tryggleiksbasen vår!

Med venleg helsing
Ungdomen i Lærdal, Årdal og Aurland


• Klikk her eller på overskrifta for å sjå oppropet på Facebooksida til Lærdal ungdomsråd

tirsdag 19. oktober 2010

Styremøte i Helse Førde 22. oktober 2010


Styremøte 22.10.2010
Møtestart kl 09.00 på møterom 4, Førde sentralsjukehus 2. etasje.


Sakene til styremøtet:

Saksliste HF 22 okt 2010
Styreprotokoll HF 30 09 2010
Styresak 061-10 O Ad si orientering 22 okt 2010
Styresak 062-10 A Rapportering fra verksemda per september 2010
Styresak 063-10 A Møteplan 2011 for styret HF
Styresak 064-10 A Prioriteringar investeringsplan HF 2011
Styresak 065-10 A Områdeplan fødeteneste i HF
Plan fødeteneste HF
Liste vedlegg til styresak 065-10 A
Verksemdsrapport KIR september 2010
Verksemdsrapport MED september 2010
Verksemdsrapport PHV september 2010
Verksemdsrapport Stab september 2010

• Last ned sakene frå Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Navarsete: Lover omkamp om lokalsykehus


NATIONEN — Regjeringens utkast til ny helseplan gjør det naturlig å se på alle nedleggingssaker på nytt, sier Sp-leder Liv Signe Navarsete.

Det nye høringsutkastet til Nasjonal helse- og omsorgsplan legger ikke debatten om lokalsykehusene død: Det står at akuttfunksjoner og fødetilbud ikke nødvendigvis skal gis ved alle sykehus, og det følger opp et punkt om at ingen lokalsykehus skal legges ned, med et punkt om at noen lokalsykehus vil bli lagt ned, og funksjonene til flere flyttet/slått sammen i et nytt sykehus som bygges i nærheten.

Les også: Viktige helselover ut på høring

Men det står også at alle skal sikres «Nærhet til lokalsykehusfunksjoner med god kompetanse og kvalitet», at berørte kommuner skal trekkes inn i arbeidet i større grad enn i dag, og at punkter som avstand, geografi og reisetid skal vektlegges ved strukturering av tilbud.

— Må vurderes på nytt
Disse siste punktene innebærer en reell endring i forhold til dagens praksis, ifølge Sp-leder og kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Les også: Vil la Stortinget avgjøre fødestuenes framtid

— Det har vært viktig for meg at lokalsykehusenes plass i det nye systemet skal være tydelig. Det står klart at vi skal ha en desentralisert sykehusstruktur og større trygghet rundt eventuelle endringer i fødetilbud og akuttmotakstjenester, sier Navarsete.

— Hva betyr dette for aksjonistene rundt omkring i landet i dag? Gjelder disse nye prioriteringene også for vedtak som allerede er fattet?
— Jeg mener det som står om avstand, geografi og tilgjengelighet som kriterier, gjør at forslagene som allerede ligger må ses på med nye øyne, og at de nye kriteriene må legges mer til grunn.

— Er resten av regjeringen enige i dette?
— Det må de være nå når dette blir vedtatt. Det viktige nå er at alle som er enige med oss, bretter opp ermene og står på.

Vil diskutere foretak
SVs helsepolitiske talsmann Geir-Ketil Hansen er enig med Navarsete.
— Flere foretak, blant annet Helse Midt-Norge og Helse Vest, har lagt store og omfattende planer. Begynner de noe nå, risikerer de bare å bli stoppet når vedtaket kommer, sier Hansen.

Høringsutkastet sier at foretaksmodellen opprettholdes, men også at foretaksloven skal evalueres. Hansen mener det også åpner for en debatt om foretaksmodellen.
— Det må være legalt og relevant å diskutere om modellen er egnet til å styre norsk helsevesen. La oss få en debatt på det.

— Innmari bra
Bente Øien Hauge, koordinator for Folkebevegelsen for lokalsykehusene, var i går i Oslo og hadde møter med Helse- og omsorgsdepartementet. Hun er fornøyd med signalene hun fikk både i helseplanutkastet og fra statssekretær Robin Martin Kåss (Ap).
— Jeg synes det som står om at kommunene og brukerne skal trekkes inn, er innmari bra. Når hensyn som geografi og reisetid presiseres i Nasjonal helseplan, må nok helseforetakene gå en runde en til. I dag sitter helseforetakene som konger på haugen og dikterer planprosessene, men det er klart vi tror det rette laget vil vinne omkampen når kommuner og brukere får være med som likeverdige partnere.

— Navarsete ror
Utenfor regjeringspartiene er KrFs helsepolitiske talskvinne Laila Dåvøy mer skeptisk.
— Hvis Navarsete mener planen er et forsvar for lokalsykehusene, leser hun den på en helt annen måte enn meg. Her tror jeg Navarsete ror litt. Det vi har sett, er at regjeringen ikke definerer lokalsykehus, men fjerner funksjon etter funksjon, helt til det som er igjen i praksis bare er et lokalmedisinsk senter med litt akuttilbud. De får heller kalle en spade for en spade og innrømme at de legger ned.

• Les saken i Nationen ved å klikke her eller på overskriften