fredag 22. oktober 2010

Spikaren i kista for føden i Lærdal?



Eit samrøystes styre i Helse Førde vedtok i dag at den forsterka fødestova skal leggast ned. Helse Vest har det endelege ordet, men truleg skal det mykje til for dei landar på eit anna standpunkt.

No kjem vel ikkje dagens styrevedtaket i Helse Førde som ei bombe, for dette har dei gjeve klart uttrykk for tidlegare. Det kan likevel ikkje vere tvil om at styrevedtaket fredag er eit steg vidare mot nedlegging. Styret føl her opp fagutvalet og styringsgruppa si tilråding om at alt fødetilbod i Sogn og Fjordane skal skje ved Sentralsjukehuset i Førde. Som i klar tale medfører at fødeavdelinga på Eid og den forsterka fødestova i Lærdal vert lagt ned.

Nrk Sogn og Fjordane skriv at på si nettside at sjølv om det skulle kome meir pengar frå Staten vil Helse Førde styret likevel leggje ned fødetilbodet på dei to lokalsjukehusa. Denne gongen går dei eit steg lengre og seier det ikkje er fagleg tilrådeleg å ha fødetilbod i Lærdal og på Nordfjordeid. Økonomi blir denne gongen ikkje kopla opp mot vedtaket, heiter det.

Styremedlem Knut Cotta Schønberg la vekt på at dagens ordning der gyneologane går lange vakter ved lokalsjukehusa, ikkje kan halde fram lengre. Og la til det var uhøyrt at spesialistane jobba veke etter veke i strekk.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Porten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar