torsdag 21. oktober 2010

Ordførar Sanden: – Eit svik mot Lærdal


SOGN AVIS – Den manglande støtta som Lærdal har fått frå regionsenteret og andre kommunar i regionrådet når det gjeld sjukehuset, er eit direkte svik mot kommunen.

Det sa ordførar Arne Sanden i Lærdal under regionsenterkonferansen i Sogndal tysdag. Sanden vende seg direkte til regionrådsleiar Torodd Urnes og sa han kom på ein viktig læresetning under sitt besøk i Lærdal sin venskapsby Jeriko nyleg.

Eigedomen til naboen
– Du skal ikkje trå etter eigedomen til naboen din. Den læresetninga har eg skjøna innhaldet i. Sogndal kommune, med administrasjon og formannskapet i spissen, har ikkje skjøna det. Lærdal kommune har 250 kompetansearbeidsplassar på sjukehuset. Dei er utruleg viktige, ikkje berre for oss, men for heile regionen. Det som har skjedd det siste trekvart året, har sett regionsamarbeidet på spel. Ikkje berre vil Sogndal leggja ned sjukehuset i Lærdal, men dei vil samla saman ruinhaugen og byggja det opp att i Sogndal.

Skjult dagsorden
Sanden hevda at dette skjedde gjennom ein skjult dagsorden, med styreleiar Clara Øberg i Helse Førde som den viktigaste medspelaren.

– Eg blir heilt skjelven når eg tenkjer på dette, sa Sanden, som gjorde det heilt klart at Lærdal ikkje ville bidra på nokon måte til å styrkja Sogndal som regionsenter.

Vil ikkje kommentera
Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll ynskjer ikkje å kommentera utspelet for Sanden.
– Av og til kjem det situasjonar der det blir sagt noko som får stå for den som seier det si rekning, seier han og legg til:
– Eg vil seia som professor Tor Selstad sa under konferansen at dersom me ikkje evnar å sjå ut over eigne kommunegrenser, så blir me alle taparar.

Clara Øberg seier ho slett ikkje har hatt ein skjult agenda.
– Det er jo veldig synd at ein ordførar vil senka seg ned på det nivået han har senka seg ned på. Men det er lite me kan gjera. Det er først og fremst eit problem for Lærdal som har den ordføraren dei har, seier Øberg i ein kommentar til NRK.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

• Som bakgrunnsmateriale kan det vere interessant å lese oppatt innlegget aksjonsleiar la ut på denne bloggen 8. mars 2010. Det finn du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar