fredag 22. oktober 2010

Legg ned fødeavdelingar



BERGENS TIDENDE Styret i Helse Førde går inn for å leggje ned fødetilboda i Lærdal og Eid. Førde får dermed einaste fødeavdelinga i Sogn og Fjordane.

Det er ei faggruppe som har tilrådd endringane styret i dag slutta seg til, omtrent med akklamasjon.

- Arbeidet som er gjort med denne saka, er noko av det mest innovative og framtidsretta i mi tid i styret. Eg trur denne modellen kan få nasjonal betydning, sa styremedlem Helge Bryne.

Avgjerda inneber at sentralsjukehuset i Førde får kvinneklinikk. Ved lokalsjukehusa i Indre Sogn og Nordfjord skal det opprettast einingar for svangerskap, barsel og kvinnesjukdomar. Her skal det mellom anna vere døgnkontinuerleg vaktordning med jordmødrer.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese saka i Bergens Tidende

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar