mandag 25. oktober 2010

Nordfjord får besøk av helsepolitikar


SOGN AVIS Leiaren av av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Bent Høie (H), kjem til Nordfjord sjukehus, og Høgre i Sogn og Fjordane har sett ned eit nytt helseutval.

– Me er glade for at Bent Høie kjem til fylket og denne gong med særleg fokus på Nordfjord. Dessutan har Sogn og Fjordane Høgre sett ned eit nytt utval som skal jobba med helsepolitikk. I 2009 hadde fylkeslaget ein omfattande gjennomgang som enda opp i eit ekstraordinert årsmøte der ein gjorde vedtak om helsepolitikken fram mot Stortingsvalet, seier fylkesleiar for Høgre Bjørn Lødemel.

Bent Høie er invitert for å diskutera private helsetenester som supplement til dei offentlege. Høgre ønskjer difor mellom anna å møta arbeidsgruppa for vidare drift av Nordfjord sjukehus. Denne gruppa har vore i kontakt med Lovisenberg Diakonale Sjukehus i Oslo, og Høgre ønskjer å høyra kva deira planar går ut på.

Høie kjem truleg til fylket i månadsskiftet november/desember, vert det opplyst i ei melding.

Det nye utvalet, sett ned av fylkesstyret for partiet, skal jobba med helse- og sjukehuspolitikken. Utvalsleiar er Arve H. Mjømen frå Gulen. Dei andre medlemmane er: Toril Irene Olesrud Fjørtoft frå Eid, Harald Aamot frå Førde og Karin Vikane frå Sogndal.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar