onsdag 19. desember 2007

Desentralisert ambulanseberedskap i samarbeid med kommunane?

Arbeidsmiljølovas krav fører til nye millionutgifter, når Helse Førde må bemanne opp ambulansestasjonane sine. Men pengane går til passiv venting. Nokre stader i fylket har personellet ikkje meir enn ei utrykking på ei heil veke. Dette kom fram då klinikkdirektør Terje Olav Øen onsdag føremiddag orienterte styret om ein venta kostnadsauke på kanskje over 13 mill. kroner, og som i stor mon vil handle om å dekkje opp passiv beredskap. Einskilde stader, som i Selje, er utrykkingsaktiviteten nede i 390 timar per tilsett, noko som svarar til ein time per dag heile året.

Fagdirektør Hans Johan Breidablik sa under møtet at han er sterkt i tvil om om den oppbygginga av ambulansetenesta det handlar om, er ei fagleg styrking. -Her blir det fleire som sit uverksame i akuttberedskap, sa Breidablik.

Styremedlemene Knut Cotta Schönberg og Kjell Opseth, meinte begge ein måtte finne måtar som gjer at ein kan utnytte personellet betre.

Både tilsetterepresentant Rune Larsen og Helse Førdes adm.dir. Jon Bolstad var opptekne av at ein framleis må behalde primæreiningane i ambulansetenesta langt ute i distrikta. -Dette har også med folks oppleving av tryggleik å gjere, sa Bolstad.

Klinikkdirektør Øen orienterte styret om dialogmøte som har vore haldne med Aurland og Selje, og sa han er positivt overraska over viljen desse kommunane viser til å diskutere alternative løysingar.

• Klikk på overskrifta her og les heile saka i Firda på nett

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar