søndag 30. desember 2007

Lærdal Musikklag spreidde glede på sjukehuset

Veka før jul tok Lærdal Musikklag turen til sjukehuset (og sjukeheimen) for å gle pasientar og bebuarar med levande julemusikk, fortel Porten. Besøket var sett pris på:

"For mange av pasientane var denne konserten eit lyspunkt i kvardagen. Enkelte felte ei tåre då musikklaget stemte i med Vi tenner våre lykter, og skapte med det ein magisk augeblink for dei innlagte på Lærdal Sjukehus denne mørke og kalde vinterkvelden. – Det er så kjekt at musikkorpset kan skape julestemning for dei som er innlagde på sjukehus og, seier Gerd Skalle, og ynskte dei frammøtte ei riktig god jul.

Mange ildsjeler
– Det er mange ildsjeler her i kveld, og då tenkjer eg i dobbel forstand, tilføyer, Liv Ohnstad frå Aurland, som har vore innlagt på ortopedien ei lita stund. –Både musikklaget og pleiarane her gjer ein fantastisk jobb. Alle er venlege og ”spring” for oss. Me får i tillegg masse god mat, så det spørs om me ikkje legg på oss i jula, stemmer Ohnstad i. Ho kan ikkje få fullrost nok det fantastiske tilbodet som ein har på ortopediavdelinga ved sjukehuset. Særskilt set ho pris på oppfylginga som dr. Jellestad og pleiarane har gjeve ho under opphaldet. I tillegg har ho vore så heldig å møte sin faste fysioterapeut Monique Huetink , som for anledninga spelar med musikklaget. Inga Gullaksen er ein av pleiarane som tek seg av pasientane på ortopediavdelinga. Ho tykkjer det er kjekt at musikklaget er med på å skape julestemning hjå dei som er innlagt i jula."

• Les heile saka, og sjå bilete, på Porten ved å klikke på overskrifta her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar