onsdag 19. desember 2007

Helse Førde-budsjettet utsett

Budsjettet for 2008 vart berre behandla som ei orienteringssak på styremøtet i Helse Førde i dag. Styret ber administrasjonen om å arbeide vidare med å finne dei manglande 40 millionar kronene som må til for å saldere budsjettet. Konkretiseringa av nye budsjettiltak skal gjerast på styremøtet 18. januar.

Investeringsbudsjettet til Helse Førde vil ikkje bli behandla før på styremøtet i februar. Då veit ein mellom anna meir om ministeren si avgjerd i forhold til nærsjukehuset i Florø.

Når det gjeld driftsbudsjettet, peikar adm. dir. Jon Bolstad på tre aktuelle salderingstiltak:
* Generell effektivisering – sjå endå hardare på korleis ein organiserer verksemda.
* Strukturendring - sjå på tidlegare prosessar - lista frå2006.
* Sjå om ein skal ta bort sentralsjukehusfunksjonar - signala så langt er at ingenting skal bort.

Styreleiar Clara Øberg understrekar at Flora framleis vil liggje inne i budsjettert med heilårseffekt med nedlegging av sengeposten.

I budsjettutkastet er det lagt opp til ein monaleg aktivitetsauke på fleire område. Nestleiar Kjell Opseth bad på styremøtet om at det blir gått ei runde til for å sjå om det er mogeleg å auke produksjonen ytterlegare. Styremedlemmene for dei tilsette, Kjell Nygård og Randi E. Fagereng, var bekymra for korleis ein skal klare å auke produksjonen, når ein samstundes skjer ned på bemanninga, men Opseth heldt fast ved at ein bør ha eit vedvarande press på utstyr og tid. - Ein gjennomgang av kva som er mogeleg å produsere er nesten rein netto, sa Opseth.

• Les heile saka i Fjordabladet på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar