tirsdag 11. desember 2007

Hjarteleg takk for støtta!

Hjarteleg takk til alle privatpersonar, verksemder og ulike lag som har bidrege med økonomisk støtte slik at Forsvar Lærdal sjukehus kan halda fram arbeidet sitt. Takk også til kommunane Årdal, Lærdal og Aurland som har løyvd tilskot.

Sjukehusaksjonen var som kjent i ein vanskeleg økonomisk situasjon tidlegare i haust. Krisa er no over. Med bidraga som er kome inn på konto kan aksjonen løysa inn private utlegg som har hopa seg opp over tid og planleggja ny aktivitet framover. Me tek sikte på å leggja ut ei oversikt over gjevarane her på bloggen på nyåret, når rekneskapen er klar. Privatpersonar vert då berre ført opp med initialar og kommune.

Den økonomiske støtta set oss i stand til å driva vidare, men støtta er også viktig fordi den gjev inspirasjon og legitimitet til aksjonen. Sjukehusaksjonen sitt arbeid kan berre forsvarast så lenge me er talerøyr for befolkninga. Tilbakemeldingane me har fått frå sogningar i ulike kommunar og frå ulikt politisk hald tyder på at me fortsatt har denne funksjonen.

Det har også vore kjekt at ulike lag som har ynskt å få vita meir om sjukehusaksjonen sitt arbeid har bedt oss koma på medlemsmøte og orientera. Støtteerklæringar har kome på ymse vis, både gjennom media og direkte. Me takkar også for gode ord og tillitserklæringar!

I desse dagar arbeider Helse Førde med budsjettet for 2008 som skal leggjast fram på styremøtet i Førde 19. desember. På Stortinget har helse- og omsorgskomiteen avgitt sine kommentarar til statsbudsjettet for neste år, og der er det framlegg om å kutta noko i overføringane til helseføretaka. Både som lokal aksjon og med ei sentral rolle i det nasjonale nettverket av sjukehusaksjonar vil Forsvar Lærdal sjukehus følgja tett med i det som skjer framover. Sjukehusa er tekne vekk frå folkevald styring, og då er det enno viktigare at nokon følgjer med og seier frå når det går gale.

Aksjonen har fått så mykje merksemd at me avslutningsvis vil minna om at det viktige her sjølvsagt ikkje er aksjonen, men framtida for sjukehuset vårt. Målet er å bevare Lærdal sjukehus som eit reelt lokalsjukehus som kan tene innbyggjarane i Sogn. Sjukehuset vårt må kunna gje oss tryggleik. Både sjuke, skadde og fødande må vita at dei er sikra hjelp i rimeleg nærleik, også når det hastar. Ytterlegare kutt i tenester kan ikkje aksepterast, og me kjempar framleis for gjenoppretting av funksjonar.

Som mange vil hugsa, vart Lærdal sjukehus i september rangert som eitt av dei aller beste sjukehusa i landet, sett frå pasientane sin synsstad. Slike resultat kjem ikkje av seg sjølv. Personalet ved Lærdal sjukehus er godt kvalifiserte for oppgåvene og gjer ein fantastisk jobb, under sterkt press om sparing og omstilling. Dei har ein tøff kvardag og fortener ein kollektiv gullmedalje for at dei likevel klarar å gje pasientane så god behandling, omsorg, stell og service. Mest av alle er det dei som skal takkast.

Forsvar Lærdal sjukehus
v/Bente Øien Hauge

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar