torsdag 12. november 2009

Brevet frå ordføraren i Lærdal til dei 12 ordførarane i Sunnfjord


Arne Sanden
Ordførar i Lærdal
Lærdal 6. nov 2009


Det var med stor undring eg las utspelet dykkar i Firda i går kveld. Fyrst vart eg og litt overraska, for utspelet gir signal om at de samla har funne løysinga på dei store økonomiske vanskane til Helse Førde. Overraska av di styret i foretaket og innbyggjarane i fylket har vore på jakt etter løysinga over lang tid. Så sit det 12 ordførarar med gode kunnskapar og løysinga nærast tett på administrasjonen til foretaket. Eg vonar de formidlar kunnskapane og løysinga vidare til styret i foretaket også.
Eg vert elles fasinert av personar, som så klart og tydeleg, heilt utan atterhald, gir uttrykk for at dei har all verdens kunnskapar om drifta av sjukehusa våre og kva som er den rette medisinen for å rette opp dei økonomiske vanskane i foretaket. Eg er samstundes imponert over at de har så stor fagleg kunnskap innan dette feltet. Eg er ein sterk tilhengar av at politiske utspel, som dette, er tufta på faktabasert kunnskap og ikkje på følelsar og god tru, jamfør debatten om sjukehusaksjonistane sine utspel, gjennom t.d. Tord Dale sitt innlegg.

Eg vil gjerne få ta del i kunnskapen dykkar og har difor laga nokre fåe spørsmål som eg ber kvar og ein av dykk svare på. Som de ser, sender eg dette brevet også til pressa og legg det ut på vår heimeside, slik at folk flest i fylket og skal få del i kunnskapane som de sit inne med.

Spørsmåla mine er:

1. Kor stort er det akkumulerte underskotet til Helse Førde pr. dag dato?
2. Kva er den årlege budsjettmessige utfordringen til foretaket med utgangspunkt i 2009?
3. Kva helsetenester yter Lærdal Sjukehus ?
4. Kva helsetenester leverar Nordfjord Sjukehus ?
5. Kva for ein av desse tenestene meiner du (de) at vi bør leggje ned ?
6. Kva verknad vil denne endringa ha for befolkninga i Sogn eller Nordfjord ?
7. Kva for varige innsparingar vil ei slik endring medføre ?
8. Og vil denne innsparinga kunne møte utfordringa i spm 1 og 2 ?
9. Kvar kan eg og andre finne den kunnskapen og dei analysane som de baserar dykkar utspel på ?
10. Eg vil gjerne ha dokumentasjon på at politikarar i Sogn eller aksjon Forsvar Lærdal Sjukehus nokon sinne har teke til ordet for nedbygging av funksjonar ved sentralsjukehuset til fordel for lokalsjukehusa.
11. Alle 12 ordførarar representerar parti som har klåre formuleringar i partiprogramma sine i høve innhaldet i lokalsjukehusa. Korleis harmonerar utspelet dykkar med partiprogramma ?
12. Skal denne nye ”fordelingspolitikken” i fylket også omfatte t.d. samferdsel og skulestruktur ?

Livet har lært meg til å verte ein tolmodig mann, og slik skal eg ha tolmod til å vente på eit svar frå dykk alle innan rimeleg tid. Eg vonar likevel at svara kan gjevast innan tysdag ettermiddag 10. nov.

Med kollegial og venleg helsing
Arne Sanden

• Les Arne Sanden sitt brev på Lærdal kommune sine heimesider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar