tirsdag 3. november 2009

Ortopedi kuttes på Eid eller i Lærdal?


FIRDA Eitt lokalsjukehus kan bli utan ortopedi. Og lokalsjukehusa får kanskje berre éin sengepost.
Dette kan bli resultatet, når Helse Førde om kort tid omfordeler oppgåvene mellom sjukehusa.

Nok med ortopedi to stader?
Helseføretaket vurderer no om det trengst ortopeditenester ved alle sjukehusa i Sogn og Fjordane.
Administrasjonen er beden om å lage eit notat til styret, der den greier ut spørsmålet om ein kan klare seg med ortopedi berre to stader i helseføretaket.

Sterke protestar
Dette blir stadfesta på Helse Førdes eiga nettside måndag morgon.
Tidlegare er akuttortopedien utanom ordinær arbeidstid samla ved Førde sentralsjukehus, til sterke protestar frå Nordfjord.

Akuttberedskapen
No skal det også gjerast kritiske vurderingar av vakt- og beredskapssystema ved sjukehusa, og det blir diskutert om det skal leggjast om til ei organisering frå dagens medisinske og kirurgiske sengepostar til å ha éin meir generell sengepost ved lokalsjukehusa.
– Vi skal ha ei moderne drift, og det tilseier færre inneliggjande pasientar. Vi har som mål at langt fleire brukarar skal få hjelp på dagtid, seier styreleiar Clara Øberg til nettsida.

Avgjerd i desember
Øberg stadfester dermed at dette er felt det vil handle om, når Helse Førde skal bestemme ei ny oppgåvefordeling mellom sjukehusa.

Den nye fordelinga av tenester og tilbod sjukehusa imellom skal etter planen vedtakast på møtet i desember. Så langt har både styreleiar og administrasjon vore svært tilbakehaldne med å snakke om kva konkrete endringar som kan vere aktuelle.

• Les saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar