onsdag 18. november 2009

Petter Øgar sitt innlegg på Fylkesmannsbloggen: Spesialisthelseteneste i hengemyr


Av Petter Øgar, publisert måndag 16. november 2009

Spesialisthelsetenesta i fylket er i ei hengemyr med omsyn til utvikling og styring. Det er ikkje noko nytt, men av omsyn til befolkninga bør det ikkje få halde fram.

Vi er den friskaste befolkninga i landet. Likevel brukar vi mest sjukehustenester av alle – med tilhøyrande kostnadsnivå og budsjettunderskot. Vi har den beste luftambulansetenesta i verda med to ambulansehelikopter i eige fylke og tre helikopter tilgjengeleg like utanfor fylkesgrensa. Vi har ei statsrådverna fødestove i Lærdal med full gynekologberedskap, sjølv om fødestova berre skal ta i mot forventa normalfødslar og i oktober berre hadde éin fødsel. Vi går i fakkeltog som ingen andre for å halde på akuttberedskapen alle stadar, sjølv om stadig fleire av dei verkeleg akutte og alvorleg sjuke vert transportert direkte til Sentralsjukehuset eller Haukeland. Likevel klarer enkelte å skape eit tilnærma katastrofebilete av akuttberedskapen i fylket dersom noko vert endra.

Samstundes har vi over ei årrekkje hatt det dårlegaste geriatritilbodet i landet til ei pasientgruppe som er større enn nokon andre og berre vil vekse i åra som kjem. Ikkje nok med det; vi vel å leggje ned det geriatriske teamet som endeleg var etablert etter ein særs lang og vanskeleg fødsel. Vi har ein barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk i Førde der dei må spele musikk på venterommet for at ein ikkje skal høyre kva som vert sagt på behandlarromma. Vi har ein nybygd rusinstitusjon for yngre rusmisbrukarar på Nordfjordeid som ikkje kan opnast fordi det manglar pengar.

I tillegg har vi ein ulukkeleg tradisjon med endelause kampar og omkampar om lokalisering av tilbod og budsjettmessige nedskjeringsprosessar som stel ressursar og kreativ kraft som burde vert brukt på heilt andre måtar.

Kort sagt har vi ein nedbrytande situasjon som også på fleire område er på kollisjonskurs med erklærte helsepolitiske prioriteringar og satsingar. Eit samla styringssystem over år, med Storting og helseminister på toppen til lokale styringsorgan i eige fylke, har ikkje evna å fatte varige vedtak i kontroversielle spørsmål for å rydde opp i dette. Vi treng slike vedtak for å gje befolkninga i fylket ei spesialisthelseteneste som er organisert og rigga for framtida sine behov, pårekneleg ressurstilgang og nasjonale helsepolitiske prioriteringar. Dette fylket har til no ikkje evna å fatte eigne vedtak om lokalisering av sjukehus. Mykje tyder på at vi også no må ha hjelp utanfrå.

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå innlegget på Fylkesmannsbloggen

• Bergens Tidende skriv i dag at professor i offentleg rett Jan Fridthjof Bernt meiner bloggen til Fylkesmannen er upassande. Bernt seier til avisa at han er kritisk til denne typen for kommunikasjon frå staten sine representantar ute i fylka, og han ser store prinsipielle problem med dette.
Saka står berre i papirutgåva av Bergens Tidende, men NRK Sogn og Fjordane har lagt ho ut på sine sider og skriv mellom anna:
"Professoren poengterer at fylkesmannen er ein overordna kontroll - og klagefunksjon i mange kontroversielle saker, og at risikoen er stor for at embetet kan sakene inn som klage eller tilsynssaker."
Klikk her for å sjå kva NRK Sogn og Fjordane skriv om saka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar