torsdag 26. november 2009

Styreleiar jublar over Lærdal-utspel


NRK SOGN OG FJORDANE Styreleiar Clara Øberg meiner utspelet til Arne Sanden viser at lærdalsordføraren har teke inn over seg den økonomiske situasjonen Helse Førde er i.
- Eg synest dette er positivt. Arne Sanden viser med dette utspelet at han har teke inn over seg den økonomiske situasjonen Helse Førde er i, og at vi må vere villige til å samarbeide om kva vi skal ha av tenester - og kva vi ikkje skal ha av tenester, seier Clara Øberg.

Rosar politikarane
Styreleiaren i Helse Førde er svært glad over utspelet til Lærdal-ordførar Arne Sanden. Torsdag gjekk han ut i media og sa seg villig til å gje slepp på fødestova for heller å sikre den viktige ortopediavdelinga ved Lærdal sjukehus.

- Det er første gongen i mi tid som styreleiar at eg har høyrd noko seie noko om kva vi kan redusere, og ikkje berre kva dei vil ha. Dette er konstruktivt, og det vil eg rose politikarane i Lærdal for, seier Øberg.
Ho meiner dette også viser at Sanden faktisk meiner det, når han tek til orde for å samarbeide om å finne løysingar på utfordringane i Helse Førde.

- God start for sjukehuset
Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus meiner derimot ordføraren i vertskommunen sviktar kvinner og unge familiar i Sogn med utspelet sitt.

- Blir det no forholdsvis lettare å avvikle fødetilbodet i Lærdal?
- Det er ikkje berre lett. Fødetilbodet er oppretta av ministeren, og det same organet må eventuelt leggje ned att. Men det viktigaste her er at vi har ein ordførar som vil samarbeide med Helse Førde - og det trur eg er ein god start på å styrke Lærdal sjukehus og tenestene der framover, seier Øberg.

- Eg vil ikkje forskottere noko styrevedtak her. Men ordføraren har no gjeve ei klar prioritering på kva dei vil bidra med for å hjelpe Helse Førde i den økonomiske situasjonen vi er i, seier styreleiaren.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar