mandag 9. november 2009

Edvardsen om Svarstads signatur på ordførarbrevet: Svært beklageleg


FJORDENES TIDENDE Leiar i Nordfjordrådet og ordførar i Eid, Sonja Edvardsen meiner Svarstad sin signatur på opprop for sentralsjukehuset er beklageleg.

Edvardsen viser til at Nordfjordrådet har stått samla bak kravet om eit fullverdig sjukehus på Eid og har gjort ei rekke vedtak på dette.

Edvardsen presiserer at ho ikkje har fått snakka med partikollega Kåre Olav Svarstad etter at det vart kjent at han var ein av ordførarane som hadde underteikna oppropet om å støtte sentralsjukehuset i Førde.
- Eg vil helst ikkje uttale meg før eg har fått snakka med Svarstad, men eg meiner at det er svært beklageleg at han har underteikna dette oppropet. Som medlem av Nordfjordrådet har han vore med på desse vedtaka vi har gjort, og om han har skifta meining eller det ligg andre årsaker bak, veit eg ikkje noko om, seier Sonja Edvardsen.

Ho legg til at Nordfjordrådet vil halde fram kampen for eit fullverdig sjukehus på Eid.
- Om ordføraren i Bremanger vil vere med er noko av det eg vil spørje han om når vi tek oss ein prat, seier leiaren av Nordfjordrådet.

• Les saka i Fjordenes Tidende på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar