torsdag 26. november 2009
Legg ned gyn. operasjonar ved Nordfjord sjukehus
FJORDABLADET Kari Holvik Furevik, konstituert klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, seier til Fjordabladet at ei endring av lokalisasjon for større gynekologiske operasjonar er ein del av den pågåande budsjettprosessen i Helse Førde.
Etter det Fjordabladet for opplyst vert det no arbeidd med eit forslag som går ut på å kutte ut større gyneko- logiske operasjonar, som til dømes fjerning av livmor, ved Nordfjord sjukehus. Dersom administrasjonen sitt framlegg i samband med budsjettet for 2010 går uendra gjennom styrehandsaminga i desember, blir alle større gynekologiske operasjonar i framtida lagt til sentralsjukehuset i Førde.
Gynekologane ved Nordfjord sjukehus har, etter det Fjordabladet får opplyst, allereie no fått beskjed frå overordna om at ein ikkje får lov til å sette opp gynekologiske operasjonar ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Mellom anna betyr dette at pasientar som må fjerne livmor, må få utført silke inngrep ved Sentralsjukehuset i Førde. Dette trass i at Nordfjord sjukehus er det einaste sjukehuset i Helse Førde som utfører slike operasjonar vaginalt. Ved Førde sentralsjukehus blir fjerning av livmor i dag utført med eit større inngrep gjennom magen.
Etter det Fjordabladet erfarer er det også gjort forsøk på å få gynekologar ved Nordfjord sjukehus, som i dag utfører fjerning av livmor vaginalt, til å anten å lære opp gynekologar ved Sentralsjukehuset i denne type inngrep, og/eller få dei til å byrje å jobbe ved Sentralsjukehuset.
Kari Holvik Furevik, konstituert klinikkdirektør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, seier til Fjordabladet at ei endring av lokalisasjon for større gynekologiske operasjonar er ein del av den pågåande budsjettprosessen i Helse Førde.
– Eg føler det vert feil av meg å kommentere saker som er ein del av den pågåande budsjettprosessen, seier Kari Holvik Furevik.
– Kan du stadfeste at gynekologane ved Nordfjord sjukehus har fått beskjed om at dei ikkje får lov til å avtale større gynekologiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus no? Vidare at operasjonar ut over mindre dagkirurgiske inngrep skal tilvisast til Førde?
– Som sagt så har eg ikkje lyst til å vere konkret når det gjeld desse tinga i den pågåande prosessen. Men eg kan vel stadfeste at det har gått ut ei slik melding og at vi ikkje har lyst til å sette opp større gynekologiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus, så lenge vi kanskje gjer endringar i tilbodet i høve kvar slike inngrep blir utført, seier Hovik Furevik og legg til at det også i budsjettprosessen i 2009 vart sett på om ein skulle gjennomføre tiltak innanfor gynekologi som det ein no er i ferd med å planlegge. – Den gongen let ein det vere som det var.
– Betyr det du no seier at denne gongen så kjem det konkret framlegg om å kutte gynekologiske operasjonar ved Nordfjord sjukehus?
– Eg ønskjer ikkje å kommentere denne saka ut over det eg allereie har gjort, seier Holvik Furevik.
Til Sentralsjukehuset
– Er det rett at ein har førespurt gynekologar, som i dag arbeider ved Nordfjord sjukehus, om anten å lære opp gynekologar ved Sentralsjukehuset i dei operasjonsteknikkane ein i dag nyttar ved lokalsjukehuset for fjerning av livmor, og/eller har tilbode dei jobb ved Sentralsjukehuset i Førde?
– Eg føler at det vert feil av meg å gå inn på dei faglege vurderingar ein har gjort no når vi er i avslutningsfasen av budsjettprosessen, seier Hovik Furevik.
Dagkirurgi og poliklinikk
– Dersom styret vedtek administrasjonen sitt forslag til tiltak, kva står ein då att med innanfor området gynekologi på Nordfjord sjukehus?
– Det ein står tilbake med på Nordfjord sjukehus er mindre dagkirurgiske inngrep og gynekologisk poliklinikk. Og sjølvsagt fødeavdeling, seier kari Holvik Furevik.
• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar