onsdag 8. september 2010

Ap-ordførar godtek privat drift av Nordfjord sjukehus



FJORDENES TIDENDE Arbeidarpartiordførar Roger B. Silden ønskjer private aktørar velkomne til å drive Nordfjord sjukehus dersom dette skulle bli aktuelt.

Arbeidarpartiet er ikkje kjent for å oppmuntre til privat drift av velferdstenester som sjukehus og skular.
Men når det gjeld framtida til Nordfjord sjukehus bryr ikkje Roger B. Silden (Ap) seg det minste om partiet sin skepsis med omsyn til privatisering.

- Det viktigaste i denne saka er at vi får behalde sjukehuset. Eg har ikkje tenkt å bry meg med bagatellar som om sjukehuset blir drive av private eller det offentlege, seier Vågsøy-ordføraren.

• Les heile saka i papirutgåva av Fjordenes Tidende måndag 6. september. Klikk her for å kjøpe elektronisk avis/pdf-versjon.
• Klikk her eller på overskrifta for å sjå kortversjonen av saka på nett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar