torsdag 9. september 2010

Legerådet fryktar for nedlegging av Nordfjord sjukehus


FJORDABLADET Vi har lenge forsøkt, både internt og eksternt, å påverke dei mange prosessane vi har hatt for å unngå den utviklinga vi no ser realitetane av. Det har diverre vist seg å vere fånyttes. Dersom det går som skissert vil Nordfjord sjukehus vere nedlagt innan kort tid.

Dette skriv overlegane ved Nordfjord sjukehus i eit brev stila til helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen, Helsedepartementet, styret i Helse Vest, Styret i Helse Førde, Nordfjordrådet, Eid kommune, Fylkeslegen Sogn og Fjordane og Legeforeininga i Sogn og Fjordane.

Store omstillingar
I brevet peikar legerådet på at Nordfjord sjukehus, etter at den nye helseføretaksmodellen blei innført, har vore gjennom store omstillingsprosessar.
– Blautdelskirurgien, inkludert urologien, blei tidleg sentralisert til Førde, dette trass i at vi hadde ein urolog som gav god behandling til pasientane ved Nordfjord sjukehus. Sentraliseringa av urologien førte til ein pasientlekkasje til Helse Sunnmøre. Med denne sentralisering blei også ein overlegeheimel flytta til Førde.

Hjørnestein
– Det ortopediske miljøet ved Nordfjord sjukehus har vore ein av hjørnesteinane i spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane. Miljøet har hatt høg fagleg kompetanse og utdanna eigen spesialistar, i samarbeid med Helse Bergen. Vi har behandla pasientar frå alle delar av fylket og halde jurs for allmennlegar og fysioterapeutar. Vi har også bygd opp eit godt og effektivt samarbeid med røntgenavdelinga vår, og har ein komplett utgreiings- og behandlingskjede innan leddbevarande kirurgi.

Medisinsk avdeling
– Sjukehuset si medisinske avdeling er godt utrusta og har beredskap for alle dei vanlegaste indremedisinske lidingane. Vi har og der eit godt samarbeid med røntgenavdelinga og pasientane får raskt avklarande CT ved mistanke om for eksempel blodpropp til hjernen. Vi følgjer slik nasjonale retningslinjer for akuttbehandling av hjerneslag. Hjartepasientar får på lik linje rask akuttbehandling når det hastar. Medisinsk avdeling har ein høg beleggsprosent, der dei aller feste pasientane vert lagt inn akutt. Pasientgruppa er uselektert, der mange har infeksjonar, senil uro og diaréplager. Vi har også regelmessig pasientar til pleie ved livets slutt/ kreftpasientar, skriv legane i brevet og peikar vidare på at Nordfjord sjukehus også har ei velfungerande overvakingsavdeling (OVA), der dei mest kritisk sjuke av alle kategoriar får stabilisering før eventuell overflytting og behandling.

Ortopedivedtaket
I brevet viser legerådet til at det tidlegare ortopedivedtaket om å samle all akuttortopedi i Førde, bortsett frå det som kan behandlast i lokalbedøving, har verka svært negativt inn på arbeidsmiljøet og arbeidssituasjonen for ortopedane ved Nordfjord sjukehus.
– Sjølv om dette vedtaket i etterkant blei noko mjuka opp, blir vår aktivitet heile tida vurdert og vi blir regelmessig kritisert for inngrep utførte på vakttid. Dette saman med den belastninga det er kvar gong å fortelje ein pasient og pårørande at han dessverre må sendast vidare, gjer den faglege integriteten og sjølvrespekten vert sett på prøve. Det er ikkje utført nokon evaluering av dette vedtaket, heiter det i brevet.

Lange ventelister
– Vi har svært lange ventelister, spesielt på ortopedisk poliklinikk. Ein av grunnane til dette er manglande ortoped- og fysioterapeutressursar. Det er no oppretta ei felles tilvisningsadresse for ortopediske tilstander ved Førde sentralsjukehus, og Nordfjord sjukehus kan ikkje lenger vurdere tilvisningar til ortopedisk poliklinikk her.
– Nordfjord sjukehus blir kritisert for dårleg effektivitet og planlegging av operasjonsavdelinga. mange av dei operasjonane vi tar, er langvarige og krevjande, men har låg DRG-vekting. I store deler av 2009 var det også ein arbeidskonflikt mellom Helse Førde og Sjukepleiarforbundet på operasjonsavdelinga ved Nordfjord sjukehus, der flerie av spesialsjukepleiarane sa opp i protest, med redusert effektivitet og inntening til helseføretaket som resultat. No vert dårlege økonomiske resultat nytta som grunn gjeving for vidare å redusere aktiviteten til berre eitt operasjonsteam dagleg, skriv legane.

Fellespost
Legane viser også til at det no vert arbeidd for å opprette ein fellespost mellom ortopedisk og medisinsk avdeling ved Nordfjord sjukehus, der ortopediske pasientar vert lagt inn på medisinsk sengepost.
– Både organisatoriske og medisinsk-faglege moment talar sterkt imot ei slik organisering, spesielt auka fare for infeksjon hos nyopererte pasientar. Dette vil ytterlegare avgrense dei pasientgruppene som kan opererast ved Nordfjord sjukehus, skriv legane i brevet.

Nedvurdert
– Det må og nemnast at kollegaer i Sogn og Fjordane Legeforeining og medlemmer av styret i Helse Førde dessverre over fleire år har kritisert og nedvurdert Nordfjord sjukehus i ulike media og på internettbloggar.
– Administrasjonen i Helse Førde sin presentasjon av framlegget til vedtak om å gjere lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane om til lokalmedisinske senter, førte til applaus i auditoriet på Førde sentralsjukehus, overført på opne linjer til Nordfjord og Lærdal. Dette har også verka svært negativt inn på arbeidsmiljøet ved lokalsjukehusa.

Nedlegging
I brevet vert det også peikt på at styret i Helse Førde har gjort vedtak om å leggje ned ortopedisk avdeling ved Nordfjord sjukehus og dei følgjer dette kan få for andre avdelingar på sjukehuset.
– Ein ser også på organiseringa av fødetilbodet i Sogn og Fjordane. Det er sannsynleg at all operativ aktivitet ved Nordfjord sjukehus blir avvikla innan kort tid, og med det også behovet for anestesileg i vaktberedskap. Akuttberedskapen på medisinsk avdeling vil då heller ikkje kunne oppretthaldast. Avdelinga vil raskt bli ein mellomstasjon for pasientar som ventar på sjukeheimsplass, som ein del av eit distriktsmedisinsk senter, drive av fastlegar med eventuelt attverande indremedisinarar som konsulentar. Nordfjord sjukehus vil slik sett ikkje lenger kunne reknast som eit sjukehus. Institusjonen vil ikkje kunne ta på seg stabilisering av kritisk sjuke pasientar, drive operativ aktivitet eller skadestovepoliklinikk, skriv legane og uttrykkjer uro for at den indremedisinske poliklinikkaktiviteten også vil verte avgrensa, då prosedyrar som kan gje komplikasjonar som kan trenge full akuttberedskap inklusive anestesilege, ikkje kan utførast ved institusjonen.

Sterkt svekka
– Legerådet ved Nordfjord sjukehus er svært bekymra for konsekvensane av den utviklinga vi no ser. Når det operative ortopediske tilbodet og beredskap for operativ forløysing på fødeavdelinga forsvinn, vil den tryggleiken som sjukehuset representerer bli sterkt svekka.
Turnuslegetenesta vil ikkje kunne godkjennast i ein slik institusjon, noko som vil verke negativt inn på rekrutteringa til primærhelsetenesta i Nordfjord, samt gjere det umogeleg å ha døgnkontinuerleg vakt for medisinske pasientar.

– Vi er bekymra for at dei innsparingane som helseføretaket reknar med ikkje er realistiske. Det viser seg ofte at innsparingane ved samanslåing av sjukehus ikkje blir som forventa. Førde sentralsjukehus må opprustast og byggast ut for å overta dei funksjonane som no finst på lokalsjukehusa, og transportutgiftene vil auke, i tillegg til ein auke i pasientlekkasje til andre helseføretak. Risikoen er stor for at dei fleste spesialistane som arbeider ved Nordfjord sjukehus vil slutte i helseføretaket, og dette kompetansetapet vil det ta lang tid å erstatte.

Nedlagt
Legerådet poengterer at fråsegna vert sendt til den politiske leiinga og Fylkeslegen som ei bekymringsmelding.
– Det skal ikkje vere nokon tvil om at vi som har vårt daglege arbeid ved Nordfjord sjukehus, både ved intern og ekstern påverknad mot administrasjon og sentrale tillitsvalde, lenge har forsøkt å påverke dei mange prosessane vi har hatt for å unngå den utviklinga vi no ser realitetane av. Det har diverre vist seg å vere fånyttes. Dersom det går som skissert vil Nordfjord sjukehus vere nedlagt innan kort tid, heiter det i brevet som er underteikna av tretten legar ved Nordfjord sjukehus.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar