tirsdag 21. september 2010

LEIAR I FJORDABLADET: Fylkesradio eller lokalradio?

LEIAR I FJORDABLADET, VED REDAKTØR TORMOD FLATEBØ, 21. SEPTEMBER 2010

SIST LAURDAG vart «Lokalsjukehusdagen» arrangert fleire plassar i landet. I Sogn og Fjordane vart dagen markert både på Nordfjordeid og i Lærdal. Begge stader møtte det fram mellom 250 og 300 menneske for å markere sin motstand mot nedbygging av tenestene ved lokalsjukehusa i fylket og samstundes vise si støtte til tilsette. I Nordfjord var alle lokalavisene og den største regionsavisa, Sunnmørsposten, til stades. Det som undrar oss ein del er at Nrk Sogn og Fjordane ikkje såg seg tente med å ta turen, korkje til Lærdal eller til Nordfjordeid.

SPØRSMÅLET som melder seg er; Er ikkje Nrk Sogn og Fjordane ein radio for heile Sogn og Fjordane. Er det ikkje lenger interessant å bringe vidare korleis innbyggarane i Sogn og Nordfjord ser på det som skjer med lokalsjukehusa? Fylkesradioen har gjennom lang tid vore svært oppteken av, og laga ei lang rekkje vel gjennomarbeidde og gode journalistiske saker om det statlege helsestellet i trivselsfylket. Difor er det ein smule underleg at vårt aller sterkaste media finn det uinteressant å dekke ein folkeleg aksjon som den som fann stad sist laurdag.

DET ER IKKJE BERRE VI som reagerer på at fylkesradioen ikkje såg seg tent med å bruke tid på sjukehusaksjonistar, eit samla politisk nivå og folk som i dag føler uro for kva spesialisthelsetenestetilbod dei kan vente seg i framtida. Abonnentane av lokalaviser i regionane som vert råka av eit ringare helsetilbod krev at lokalavisene føl opp det som skjer, fordi dei betalar for avisa. Det same gjer ein i høve Nrk, gjennom Nrk-lisensen. Difor må ein også kunne krevje noko tilbake. Iallfall når det er saker av ei viss viktigheit.

• Frå papirutgåva av Fjordabladet 21. september 2010. Kjøp pdf-avisa ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar