mandag 20. september 2010

Helse Førde hevdar dei opprettheld aktiviteten i Nordfjord


HELSE FØRDE Det blir frå fleire hald hevda at leiinga i Helse Førde HF har byrja nedtrappinga av ortopedien på Nordfjord sjukehus, og at dette er ei direkte oppfølging av styrevedtaket frå juni.

Av Arne Eithun, informasjonssjef Helse Førde

Slik er det ikkje, og det er viktig å presisere at administrasjonen ikkje kjem til å føreta seg noko i samband med modellvalet, før styret i Helse Vest RHF har handsama saka.

Analysar gjort ved ortopedisk seksjon ved Nordfjord sjukehus, så langt i år, syner ei låg kapasitetsutnytting. Det har difor vore vanskeleg å oppretthalde to fulle operasjonsteam med det tal operatørar som er ved sjukehuset. Samstundes er det lange ventelister for poliklinikk-behandling.

Ved denne endringa kan vi styre nokre ortopedressursar til poliklinisk arbeid og samstundes få ut eit effektiviseringsresultat ved at vi unngår bruk av vikar til anestesisjukepleiar. Dette er i tilegg eit kvalitetshevande tiltak ved at vi unngår reine vikardrivne team på operasjonsstova.

Tilbodet og aktiviteten til pasientane er ikkje planlagt endra frå 1. til 2. halvår 2010 på grunn av denne omlegginga.

Arbeidet som nyleg har starta opp i Nordfjord for å få ein felles sengepost, blir også omtalt som ei snikinnføring av styrevedtaket tidleg i sommar. Det er feil. Prosjektet er riktig nok omtalt i samband med kartlegginga i strategiarbeidet, men vurdert som eit tiltak som uavhengig av modellval, skal utgreiast. Styret i Helse Førde gjorde allereie i desember i fjor vedtak om at administrasjonen i føretaket skulle følgje opp både dette og andre forbetringsprosjekt.

Mandatet var å sjå på mogelegheitene for å vidareutvikle døgntilboda, både i Nordfjord og Lærdal, og samstundes vurdere samanslåing av sengepostane. Når Helse Førde no ynskjer å gå vidare med dette arbeidet så er det fordi vi veit at spesialisthelsetenesta framover vil verte enno meir spesialisert. Dette medfører at pasienttypen, rammeføresetnadene og arbeidet på sengepostane i spesialisthelsetenestene vil endre karakter. Samtidig er det mykje som tyder på at spesialisthelsetenesta må samarbeide mykje tettare enn i dag med kommunehelsetenesta om kronikarar og eldre pasientar. Det er viktig at sengepostane i Helse Førde førebur seg på desse endringane.

Vårt mål er at det framtidige døgntilbodet ved alle sjukehusa våre skal ha god kvalitet og bygge på moderne medisinsk behandling og pleie. Prosjektet skal legge til rette for robuste fagmiljø og at helsetenestene skal vere mest mogleg effektive.

• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar