mandag 13. desember 2010

Lucia-feiring for sjukehuset ved Rådhuset måndag 13. desember kl. 17


Ungdomsrådet har teke utfordringa frå Nordfjord og førebur gang rundt juletreet på Rådhusplassen i Lærdal sentrum måndag 13. desember kl. 17.

I lag med kommunar i Nordfjord og ellers i landet vil ein starta presis kl. 17 med "Det lyser i stille grender".
• Sjå bloggen til Folkebevegelsen for lokalsykehusene for meir informasjon om initiativet til arrangementet
• Sjå hendinga på Facebook (oppretta av initiativtakarane i Nordfjord)
• Sjå Lærdal Ungdomsråd sine sider på Facebook



DET LYSER I STILLE GRENDER

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen,
som alltid er ung og ny.

Tekst: Jakob Sande 1931
Melodi: Lars Søraas d.y. 1948

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar