tirsdag 14. desember 2010
Markering for lokalsjukehusa
PORTEN.NO Markeringa gjekk føre seg fleire stadar i fylket på same tid måndag. Vel 100 møtte fram i Øvre Årdal til ei stille markering.
- Fødetilbod må på plass
Utflytt student, og representant for senterungdomen, Martine Holsæter, sa i sin appell, at ho var nøydd til tenkje seg godt om før ho bestemte seg for, kvar ho etter kvart ville busette seg og stifte familie.
- Eit fødetilbod må vere på plass, dette er eit viktig tema for alle i min situasjon. Vi må ha anna å reklamere med i fylket vårt enn heimefødslar, og lange avstandar til sjukehusa. Politikarane i fylket må støtte oss i denne kampen om dei vil oppretthalde folketalet i fylket, sa Holsæter.
Bryt Soria-Moria erklæringa
- Regjeringa bryt Soria-Moria erklæringa om dei støttar Helse Vest. Medan ein nasjonal helseplan enno er til høyring, har helseføretaka allereie gjort sine vedtak, sa varaordførar i Årdal, Marie Helene Hollevik Brandsdal, i sin appell.
- Helseministeren argumenterer for nedlegging av fødetilbodet med faglegheit og rekrutteringsvanskar. Dette er tull, sa Hollevik Brandsdal vidare.
Ho meinte sanninga, mellom anna var, at jordmødre ikkje finn anna enn deltidsstillingar, heilt ned i 30%, og det kan ingen leve av. Ho peika òg på at granskingar viser at det er mellomstore sjukehus som kjem best ut sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.
Nedleggingsplanar må stoppast
- Både fødetilbodet og ortopedien i Lærdal er landskjent for høg kvalitet, og no held dei på å ta alt ifrå oss, sa ein engasjert varaordførar.
- Vi krev at nedleggingsplanar, og vedtak må stoppast inntil Nasjonal Helseplan er handsama, og vedteken av Stortinget. Det er grasrota som talar, avslutta varaordføraren.
• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta
NB! I Lærdal var omlag 250 personar samla ved Rådhuset, i ei markering som Ungdomsrådet i Lærdal hadde teke initiativ til. Det var musikalske innslag ved Magne Grøttebø, Kristen Olav Grøttebø, Øystein Steinsland og Siv Hovland. Appellar ved Bente Øien Hauge og Helge Evensen Bjørkum. Synnøve Askeland las opp ønskelista som ho og Helge Evensen Bjørkum hadde overrekt til helseministeren tidlegare på dagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar