onsdag 8. desember 2010

Luciadagen måndag med markeringar for lokalsjukehusa i kvar grend eller kommune: Det lyser i stille grender …

Det er no satt i gang ein oppfølgande kampanje etter dei fantastiske arrangementa i Oslo og Måløy, for å fortsette kampen for Nordfjord sjukehus. Dette gjer nordfjordingane no i form ein ”Flash Mob song” i Nordfjord med borna i fokus på Lucia dagen. Og dei inviterer til at me gjer det same i Indre Sogn, for å markere kampen for Lærdal sjukehus.

Primus motor for tiltaket er Janne Endal Andersson. Ho treng ein kontaktperson i kvar bygd i Indre Sogn som kan:

· Dra i gong songen på måndag 13. desember kl 17 og telle til 3 slik at heile regionen syng i kor!
· Spreie informasjon på facebook og eventuelt andre kanalar. Informasjon om aksjonen vart lagt ut på facebook som ”hending” i går kveld og det er allereie stor oppslutning. KLIKK HER FOR Å KOMME TIL HENDINGA PÅ FACEBOOK. Bruk gjerne same hendinga og henge opp plakatar på butikkar, kaféar og andre stader.

DETTE SKAL SKJE 13. DESEMBER KL. 17
· Vi oppmodar foreldre og born i Sogn, og elles alle som ønskjer, til å møte opp ved julegrana i sine kommunesentre, og synge saman med borna i kor i heile fjorden:
"Det lyser i stille grender av tindrande ljos i kveld, og tusende barnehender mot himmelen ljosa held.”
· Vi syng denne songen samstundes i alle kommunane, frå hjarte til hjarte, med ønske om at det framleis skal lyse i stille grender i framtida.


Bakgrunn:
At Anne-Grete Strøm-Erichsen avviser protestane med eit smil og seier at dette berre er ”endringsmotstand” er lettvint og overfladisk og er som tatt ut av ein innhaldsfortegnelse frå ei bok om organisasjon og leiing. Det er arrogant, kynisk og hjartelaust og passar betre inn i ei Dickenshistorie frå 1800-talet og ikkje i eit moderne norsk oljeeventyr.

Det er vi som bur i denne regionen som må ta konsekvensane av nedlegging av fødetilbodet, og vi veit at liv vil gå tapt som følgje av dette. Vi har ikkje råd til å miste nokon av borna våre, verken dei som er fødde, eller dei som enno ikkje er fødde, eller andre vi er glade i. Det er vårt ansvar som foreldre å sikre borna våre – og komande generasjonar si framtid!

Vi vonar at dei vakre stemmene til borna i Sogn og Fjordane blir høyrt heilt inn til hjarta til Jens og Anne-Grete i Oslo.

KAN DU DRA I GANG DETTE I DIN KOMMUNE?
Kontakt initiativtakar Janne Endal Andersson på mobil 41 21 87 96 eller epost janne(alfakrøll)segel(punktum)no

Forsvar Lærdal sjukehus støtter tiltaket, men ber om forståing for at me ikkje har kapasitet til å organisere dette. Difor let me denne utfordringa gå til andre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar