torsdag 16. desember 2010

- Stopp galskapen til Helse Førde


PORTEN.NO - Stopp galskapen til Helse Førde

Det var den klare meldinga frå nestleiar i Lærdal ungdomsråd, Helge Evensen Bjørkum, under demonstrasjon mot nedlegging av lokalsjukehusa utanfor rådhuset i Lærdal.


Demonstrerte mot nedlegging

Heile 250 personar hadde møtt fram for å syne si missnøye til Helse Førde og helseministeren. Sjølve Luciadagen, arrangerte Lærdal ungdomsråd, saman med mange andre kommunar rundt om i fylket, ein demonstrasjon mot nedlegging av lokalsjukehuset.

Utanfor rådhuset i Lærdal samla det seg lærdøler i alle aldrar, nettopp for å syne at dei ikkje aksepterer noko nedlegging av lokalsjukehuset.

Det lyser i stille grender

Kl 17:00 song alle frammøtte “Det lyser i stille grender” saman med innbyggjarar i ni andre bygder rundt om i fylket. Målet med dette var å sende ein bodskap til helseministeren om at nedlegging av lokalsjukehuset ikkje er greitt.

- Dersom ikkje dette når fram til helseministerens hjarta, veit ikkje eg, sa konferansier Bente Øien Hauge.


Strøm-Erichsen som julenisse

Musikkinnslag stod og på programmet, og stemningsfylt vart det då Siv Hovland, Kristen Olav Grøttebø, Magne Grøttebø og Øystein Steinsland spela sjukehussongen til alle frammøtte.

Litt inne i programmet annkom leiar og nestleiar i Lærdal ungdomsråd, Synnøve Askeland og Helge Evensen Bjørkum, rett frå eit møte med helseministren i Volda.

– Det vart travelt dette, men absolutt verdt det, sa Synnøve Askeland.


Rett opp på scena for dei, og leiar Synnøve Askeland las opp brevet dei hadde gjeve til helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm Erichsen tidlegare på dagen.

I brevet stod det mellom anna: “Etter kvart som me har vorte eldre har me litt etter litt mista trua på julenissen og hans evner. Meir tru har me på deg og dine evner, og me sender difor ønskelista for jula 2010 til deg i staden for til julenissen, og vonar du vil innfri våre ynskjer.” Vidare i brevet heiter det: “Me vonar du vil ta på deg det ærefulle oppdraget å vera assisterande julenisse for jula 2010.”


Klart og tydeleg frå ungdomen

Til slutt var det tid for appell frå nestleiar Helge Evensen Bjørkum. Han var klar og tydeleg i si tale til dei frammøtte. Han meinte kampen for lokalsjukehuset er unødvendig. Ikkje fordi ein kan godta ei nedlegging av sjukehuset, men fordi det skulle vera unødvendig å kjempa for sjukehusa i verdas rikaste land. Vidare kunne han slå fast at dersom sjukehuset vert nedlagt ville ikkje ungdomen flytta tilbake til Lærdal eller Indre Sogn.

- Dersom me må føde ungane våre i ein ambulanse i ein tunnelll på veg til Førde i minus 20 grader. eller dersom ungane våre må køyrast til Førde når dei bryt foten, ja då vel me ikkje Lærdal eller Indre Sogn som vår stad å bu, sa Bjørkum engasjert.

- Stopp galskapen til Helse Førde. Stopp galskapen til Helse Vest. Kjære helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, ta ikkje frå oss lokalsjukehuset vårt, avslutta Bjørkum i appellen sin.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar