Dersom du ynskjer litt orientering om korleis styremøta i Helse Førde går føre seg og sakene som styret skal handsama den 30. april, vil fleire frå Forsvar Lærdal sjukehus vera tilgjengeleg på Sentrum kafe på Lærdalsøyri kvelden før møtet, tysdag 29. april frå kl. 20.
Me fortel også gjerne om arbeidet i aksjonen, og du kan komma med innspel til dialogmøtet med styret i mai.
Dette er eit uformelt møte! Sentrum kafe er open som vanleg, og det er høve til å kjøpe seg kaffe og mat.
Av praktiske omsyn tek me gjerne imot førehandspåmelding til epost bente@fjordinfo.no
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar