onsdag 30. april 2008

Mødre overleverte krav om fødeavdeling

Det var ei gripande stund rett før styremøtet i Helse Førde i dag, då nokre ferske mødre og gravide fekk møte styreleiar Clara Øberg og overlevera eit skriv med krav om å få gjenoppretta ei fullverdig fødeavdeling ved Lærdal sjukehus. I skrivet frå mødrene står det:

Til Clara Øberg og styret i Helse Førde på møte 30. april 2008

LA OSS FÅ ATT FØDEAVDELINGA VÅR

Unge kvinner i Indre Sogn er lei av å vere usikre på kor hen me kan føde, om me kan føde på Lærdal eller må reisa til Førde eller Voss!

Me hadde ei god og trygg fødeavdeling før 2004. Der kunne me få alt, som epidural og planlagte keisersnitt. Me er glad for fødestova vår har beredskap, for det har me hatt god bruk for. Men me ønskjer tilbake det gode tilbodet me hadde før.

To barneliv er redda, berre i april, på grunn av beredskapen i Lærdal:
Gro Agnete Nybø fra Lærdal hadde to veker att til termin, forventa normal fødsel og var selektert til å føde ved fødestova. Ho hadde nett laga middag då vatnet gjekk 12. april, med mykje blod. Ho reiste til Lærdal sjukehus. Då jordmor tilkalla legen på grunn av symptomene vart det oppdaga at morkaka var begynt å løsne. Det vart full narkose og naudkeisersnitt. Alt gjekk bra denne gongen, men utan gynekolog og operasjonsberedskap ville ungen ikkje klart seg på grunn av oksygenmangel. Det er òg eit spørsmål om Gro Agnete ville overlevd transport til Førde eller Voss med blødningar.
Monica Øvstetun frå Årdal hadde eit normalt svangerskap og forventa normal fødsel. Ho var selektert til å føde ved fødestova. Vatnet gikk halv åtte om morgonen 14. april, og ho reiste inn til Lærdal sjukehus. Straks etter at Monica kom fram – før jordmor hadde undersøkt henne – fekk ho navlesnorsfremfall. Takka vere at personale var på plass, kunne dei ta katastrofekeisersnitt. Sjå reportasjen i Sogn Avis 17. april.

Me veit om fleire tilfeller der beredskapen har vore viktig for at det gjekk bra, og me likar ikkje at det stadig er trekt fram at det er for dyrt med beredskap i Lærdal når det er snakk om økonomien i Helse Førde. Er ikkje ungane våre verdt denne prisen?

Det er så mykje styr rundt dette med føde for oss. Det skapar uro under svangerskapet. Før 2004 kunne nesten alle føde i Lærdal, no er det berre kvar tredje sognekvinne som får det. Utviklinga har gått feil veg for oss.

Av og til kunne me ønskt at dei som styrer over dette fekk prøve korleis det er å gå å lure på korhen ein skal føde. Det er ikkje lov å transportere kyr eller sau i fødsel, men sognekvinner er det visst ikkje så nøye med! Korleis trur de det er å liggje fastspent på båre med veer? Korleis trur de at me har det når me må køyre Sogndalsdalen og Kjøsnesfjorden vinterstid med veer?

Dei fleste vil sjølvsagt føde i Sogn. Her har me heimen vår og familien vår. Me ønskjer oss ein god opplevelse rundt fødselen, få vere heime så lenge som me kan. Å reise så langt tar vekk alt det fine rundt å få ein unge. Det som skal vere ei fin oppleving i livet, med graviditet og fødsel, blir fylt med uro og bekymring. Det er grusomt å ligge med barseltårer i Førde og ikkje få besøk.

No ber me deg og styret ditt vere så modige at de bestemmer dykk for å ta til vit og gje oss att fødeavdelinga vår!


• Klikk på overskrifta her og sjå saka, med bilete, i Sogn Avis på nett

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar