fredag 25. april 2008

To katastrofekeisarsnitt samme veka på fødestova i Lærdal

Utan full beredskap ville eit truleg hatt to tragiske utfall av fødslar ved fødestova i Lærdal midt i april. For med berre to dagars mellomrom måtte personalet ta katastrofekeisarsnitt på kvinner med forventa normale fødslar. I det eine tilfellet var det navlestrengsframfall, og i det andre tilfellet var det begynnande morkakeløysing. I begge tilfella gjekk det heldigvis bra bra med mor og born.

Vedtaket om omlegging av fødeavdelinga i Lærdal til fødestove vart gjort i 2003. Då jordmødre, gynekologar, politikarar, aksjonistar og befolkninga ellers kjempa mot nedlegging av fødeavdelinga argumenterte me m.a. med at akkurat slike situasjonar kan oppstå. Men vart møtt med at dette skjedde så sjeldan at det ikkje var relevant. Dåverande helseminister Dagfinn Høybråten overprøvde det nasjonale rådet for fødselsomsorg, som ville ha ei rein fødestove utan gynekologforsterking. Og noverande helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad har sytt for at beredskapen ikkje har blitt fjerna seinare, sjølv om kostnaden har vore diskutert i budsjettsamanheng i Helse Førde fleire gonger.

No kan me alle vere glade for at ikkje Nasjonalt Råd for fødselsomsorg fekk viljen sin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar