torsdag 3. april 2008

Sogn Avis: "Mot helsekrig i rosenes leir"

I forkant av Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane sitt representantskapsmøte, kommenterer Sogn Avis på leiarplass utspelet frå Førde Ap om nedlegging av fødeavdelinga i Nordfjord.

Avisa er samd med sjukehusaksjonen om at det ville vera både oppsiktsvekkjande og svært uklokt av Helse Førde å tenkja på endringar i fødetilbodet før den nye nasjonale fødeplanen ligg på bordet og skriv vidare:
"– Det er i alle fall inga meining i om Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane forskotterer arbeidet i departementet slik Eide Kirketeig legg opp til.

Men det beste av alt ville vera om politikarane i dette fylkespartiet mana seg opp og gjorde ein innsats for helsetilbodet som faktisk kan bety noko. Sjølvsagt burde det koma eit unisont krav om at skeivfordelinga av helsemidlane som råkar oss på Vestlandet urimeleg hardt, blir retta opp snarast og det med tilbakevendande kraft."

• Les heile leiaren i Sogn Avis ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar