lørdag 5. april 2008

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha fødeavdelingar og akuttberedskap på lokalsjukehusa

Fødselstal skal ikkje vera avgjerande for ei fullverdig fødeavdeling ved lokalsjukehusa. Det vedtok representantskapen i Sogn og Fjordane Ap på møtet Førde i ettermiddag. Mot fem røyster vart representantane samde om eit felles manifest for fylkespartiet sin helse- og sjukehuspolitikk, som mellom anna sler fast at lokalsjukehusa skal ha fødeavdelingar med gynekolog i døgnberedskap og akuttberedskap i indremedisin.

– Vårt fokus skal ikkje vera på intern usemje, kampen må gå oppover i partiet og til regjering og Storting, var konklusjonen.

• Henta frå Sogn Avis, klikk på overskrifta her for å sjå saka der

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar